Dikting og journalistikk til heile landet
Foto: Laila W. Lid

Dikting og journalistikk til heile landet

H, FrP, V og KrF er samde om 1,4 millionar ekstra i driftstilskot til Nynorsk kultursentrum for å etablere Vinje-senteret for dikting og journalistikk.

– Ein skal ikkje juble før vedtaket er fatta, men det er freistande når det kjem så gode nyhende i ein avtale mellom fleirtalspartia. Det er svært lovande at regjeringa styrkjer ein nasjonal kulturinstitusjon som fremmer litteratur, journalistikk og språk i heile landet, seier styreleiar Lodve Solholm.

– Med 1,4 millionar ekstra i driftstilskot kan Nynorsk kultursentrum allereie i 2020 formidle dikting og journalistikk i heile landet, både digitalt og i folkebiblioteka. Saman med løyvingar frå fylket og kommunen gjer det at vi kan doble staben frå to til fire i Vinje, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark.

Nynorsk kultursentrum tok over Litteraturdagane i Vinje og Vinjestoga i 2018. I november og desember 2019 har Vinje-senteret premiere på vandreutstillingar om skeiv litteratur og journalistikk og om Tarjei Vesaas’ litteraturpris. I 2020 har Nynorsk kultursentrum premiere på ny kjeldekritikkframsyning i Den kulturelle skulesekken. Bygget står ferdig i 2020. Basisutstillinga ved Vinje-senteret kan stå ferdig i 2021.

– To politikarar må bli takka særskilt. Trine Skei Grande og Terje Breivik har gjort ein heilt særleg innsats for Vinje-senteret gjennom mange år. Utan deira engasjement for nynorsk, kjeldekritikk og bøker hadde ikkje senteret kunne opne i 2021 og drive nasjonalt formidlingstilbod allereie no, seier Lodve Solholm.