
Meir nynorsk i heile landet i Bokåret 2019
I Bokåret lagar Nynorsk kultursentrum seks nye utstillingar, skipar til tre barnebokveker og andre arrangement i heile landet.
I Bokåret lagar Nynorsk kultursentrum seks nye utstillingar, skipar til tre barnebokveker og andre arrangement i heile landet.
Telemarkpodden er Visit Telemark sin podkast-serie. I denne episoden fortel Aasmund Nordstoga om Aasmund Olavsson Vinje, rekna som den første norske moderne journalisten.
Regjeringsplattforma er meir konkret om urfolks- og minoritetsspråk enn om nynorsk og bokmål.
I romanen Kvit bok mørk vinter har Eirik Ingebrigtsen skrive om ein 14-åring og korleis han opplever såra etter krigen i Kosovo. Erlend Kaasa skriv i romanen Livius om krig med utgangspunkt i ein soldat. Saman med samtaleleiar Kjersti Rorgemoen utforskar dei kva krig er i røynda og i romanen.
Aasmund Olavsson Vinje gav mellom 1858 og 1870 ut 292 nummer av Dølen. Bladet forma både den nynorske skriftkulturen og den moderne norske journalistikken. Med dette meldingsbladet fører Vinje-senteret tradisjonen vidare.
I 2018 feira Nynorsk kultursentrum 25 år, arrangerte Ulvik poesifestival for tiande gong, og markerte 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje.
Vinje-fondet skal styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk, og medverke til større rekruttering av nynorskbrukande journalistar.
Kvelden 20. desember fekk Nynorsk kultursentrum melding om at Kulturdepartementet løyver 233 000 kroner til formidling av og forsking på nynorsk skriftkultur. Pengane kjem frå gåveforsterkingsordninga, som gir 25 prosent av gåvebeløpa institusjonen har fått av private aktørar.
På åtte dagar har politikarane i Vinje, Telemark og på Stortinget løyva 31 millionar kroner til å byggje Vinje-senteret for journalistikk og dikting. – Nynorsk kultursentrum er svært glade for at politikarane tør å satse på ein nasjonal kulturinstitusjon i Telemark, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.
Ottar Grepstad har sett saman eit tillegg til Vinje-bibliografien frå 2017. Alt i alt er 95 innførslar komne til, og ein går ut. Dermed inneheld bibliografien 4454 innførslar.
Alle partia på Stortinget røysta i natt for å løyve 8,4 millionar kroner til å byggje Vinje-senteret for dikting og journalistikk. Samstundes meiner ein samla familie- og kulturkomité at Vinje-senteret treng meir pengar til drift.
I 2019 opprettar Nynorsk kultursentrum tre nye stillingar: ei i Vinje og to i Ørsta. – Gjestene våre får fleire arrangement, betre digitale tenester og vertskommunane våre får nye kulturarbeidsplassar, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Nynorsk kultursentrum gler seg til Bokåret 2019. Vi skal feire vers og forteljingar i Ørsta, Ulvik, Vinje og resten av landet.
Går finansieringa etter planen opnar Vinje-senteret for dikting og journalistikk basisutstillinga si i 2021. Harald Stanghelle, Ingrid Sponheim, Kristian Lødemel Sandberg og Sigrun Høgetveit Berg har takka ja til å sitje i gruppa som planlegg ny utstilling.
– Jubileumsgåva på 100 000 kr gjer det mogleg å etablere to nye formidlingstilbod til barn på nynorsk, eit nytt framtidsspel og Lurivar-ordbok i 2019. Gåva frå Sparebank1 Søre Sunnmøre er med på å gjere det enklare og kjekkare å vere nynorskbrukar, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Kulturdepartementet kårar Vinje til Årets nynorskkommune 2018. – Om vi ikkje tek vare på språkarven vår, blir vi som ein bekk utan kjelde, sa
ordførar Jon Rikard Kleven i takketalen.
– Det er både faglege og kulturpolitiske grunnar til at administrasjonen i Nynorsk kultursentrum ikkje ønskjer å gå vidare med å etablere Diktarhuset i Lom. Det seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i ein kommentar til utgreiinga «Diktarar og dialektar» som Nynorsk kultursentrum offentleggjorde måndag.
Innlegg av direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum under konferansen «Treng vi norsk?» 1. november 2018, Scandic Sunnfjord Hotell, Førde.
Det Norske teateret, Det Norske Samlaget, Vinje kommune, Nynorsk kultursentrum, Folkeakademiet og mange, mange fleire feirer 200-års jubileum for A.O. Vinje i Oslo helga 26.-28. oktober, med konsertar, kåseri, teater og kortreist mat frå Telemark.
– Framlegget til statsbudsjett for 2019 gir både pluss og minus for nynorskbrukarane, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum. Løyvinga til Nynorsk kultursentrum aukar med 2,2 prosent til 20,5 millionar.
7. klasse ved Stanghelle skule vann videosong-konkurranse med ein musikkvideo som tek «Blåmann, Blåmann, bukken min» inn i vår tid.
Stina Aasen Lødemel (40) frå Ørsta er tilsett som ny redaktør i det digitale oppslagsverket Allkunne. Ho tek over 1. november etter Per Magnus Finnanger Sandsmark, som frå same dato er direktør i Nynorsk kultursentrum. Lødemel har vore redaksjonssekretær i Allkunne frå 2013.
I statsbudsjett for 2019 føreslår regjeringa å løyve 8,4 millionar til bygging av Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vinje.
Arnfinn Kolerud har fått eit jubileumsstipend på 200 000 av 25-årsjubilanten Nynorsk kultursentrum. Kolerud blei flogen inn frå ein skulesekkturné i Sunnhordland for å motta stipendet og heideren under ein festmiddag i Ørsta fredag kveld.
av direktør Ottar Grepstad
Kronikk av rådsordførar Per Halse og styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum
– Vi er klare for jubileumsfest i Ivar Aasen-tunet fredag 28. september, seier direktør Ottar Grepstad. Nynorsk kultursentrum fyller 25 år og feirar med eit gratisprogram som rommar både talar, musikk og tapasbuffet.
– Vi var spente på korleis publikum ville ta imot eit program med godt etablerte programpostar og mange nye innslag, og responsen overveldar oss, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret.
Den boka av Ivar Aasen som flest aviser omtalte, var «Norsk Navnebog» i 1878 med opplysningar om tydinga av personnamn. Det var også den siste førsteutgåva han gav ut. Det går fram av «Aasen-bibliografien» som Ottar Grepstad presenterer i Aasen-tunet på Aasens fødselsdag 5. august.
Per Magnus Finnanger Sandsmark (28) frå Volda er tilsett som direktør i Nynorsk kultursentrum etter Ottar Grepstad.
På vegne av H.M. Kong Harald V dekorerte fylkesmann Lodve Solholm direktør Ottar Grepstad til riddar av 1. klasse av Den kongelege norske St. Olavs orden under ein seremoni i Aasen-tunet onsdag 6. juni.
Tale for dagen på Gran 17. mai 2018, Ottar Grepstad.
Anders Vassbotn var politikar og ungdomslagsmann som med diktet «Å leva det er å elska» skreiv seg inn i norsk litteraturhistorie. I år er det 150 år sidan han vart fødd.
Produsent Magne Skjævesland reiser landet rundt med framsyninga Ferda-Vinje, som hadde premiere allereie i 2014. Til no har den blitt spelt over 380 gonger og femnar om eit breitt publikum, alt i frå elevar i grunnskule til bebuarar på eldreheim.
Stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk, og som med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet femner om all lyrikk på nynorsk, bokmål og dialekt.
Vinjestoga er nyrestaurert, og vi treng ein omvisar som kan imot publikum, halde omvisingar, selje billettar og stå for enkelt innandørs reinhald. Vi hjelper til med å utvikle manuskript til omvisingar som er fagleg oppdaterte og kan gi gjestene fleire perspektiv på A.O. Vinjes liv og verk.
John-Ragnar Aarset er kåra til Årets nynorskbrukar 2018. Han får prisen «for viljen til konsekvent bruk av nynorsk i politiske miljø der slike røyster trengst for å fremje nynorsk som sak og praksis», seier styret i Nynorsk kultursentrum etter å ha vurdert 47 kandidatar.
– Det har vore ein overveldande respons frå publikum, og hovudmarkeringa i Vinje-jubileet blei ei god blanding av feiring og nytenking. Eg takkar den lokale arrangementskomiteen og alle dei gode hjelparane våre, seier leiar Jon Rikard Kleven i den nasjonale jubileumskomiteen for Vinje-jubileet.
Vinje var mannen for dei mange merkelappane. Den første moderne journalisten. Den romantiske poeten. Den skarpe observatøren. Den tvisynte essayisten. Den karnevaleske kritikaren. Den merkverdige.
Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) er det uråd å bli ferdig med. Han sette ein standard for profesjonell journalistikk som er heilt unik. Fredag 6.–søndag 8. april 2018 ønskjer Vinje kommune velkomne til hovudmarkeringa av Vinje-jubileet 2018.
Det Samlaget har gjort frå 1868, skapte varige endringar i norsk kulturliv, bokbransje og den språklege kvardagen og har gitt lesarar over heile verda litteratur dei ikkje ville vore utan.
– Vinje-senteret har invitert ei rekkje forfattarar til å skrive nye tekstar til eller om 200-årsjubilanten A.O. Vinje. Først ut er Kjartan Fløgstad med tre oppsongar, fortel dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret.
Årsresultatet for Nynorsk kultursentrum blei på 1,3 millionar. Det er det beste resultatet nokon gong for institusjonen, som i 2017 hadde samla inntekter på 28,6 millionar. 600 000 av overskotet er sett av til basisutstillinga i Vinje-senteret.
Ottar Grepstad har sagt opp stillinga si i Nynorsk kultursentrum og blir pensjonist frå 1. november 2018. Styreleiar Lodve Solholm informerte dei tilsette om oppseiinga på allmøte i går ettermiddag, før eit ekstra styremøte.
A.O. Vinje var ein stor diktar, målmann, nasjonsbyggar og journalist. I Gran på Hadeland levde Vinje sine siste dagar. Onsdag 14. mars inviterer Hadeland dialekt- og mållag og Steinhusets Venner til opning av "Vinje-jubileet 2018 i Gran" og utdeling av Dialekt-prisen.
Dokketeater-framsyninga Blåmann er Folkeakademiet sitt bidrag til 200-årsjubileet for A.O. Vinje. I år blir Vinje feira med over 200 arrangement på 60 stader i landet, og torsdag 8. februar var det premiere på dokketeateret i Valle.
Nynorsk kultursentrum har kjøpt domenet Nynorsk.no frå Norsk Målungdom.
– Vi blir aldri ferdige med Aasmund Olavsson Vinje. Han var så moderne og så lite A4 i diktinga og journalistikken at det er nødvendig å feire og minnast livsverket hans i heile år.
Hausten 1861 skreiv Aasmund Olavsson Vinje den første av to korte sjølvbiografiar. Venen Paul Botten-Hansen var redaktør i Illustreret Nyhedsblad og hadde bede Vinje presentere seg sjølv.
Over 2000 dikt, songar og prosatekstar skreiv han. I dag kan verka hans lesast på 11 språk. Han sette ein standard for profesjonell journalistikk som ikkje er for amatørar.