Satsar på dei unge og særprega

Bilete av Erlend Nødtvedt.
Vinnar av Olav H. Hauge-stipendet i 2018 Erlend Nødtvedt. Foto: Elias Dahlen.

Nynorsk kultursentrum ønskjer talentfulle kandidatar til Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar 2020. Stipendet, som er på heile 150 000 kroner, går til ei ung diktarrøyst med eit poetisk talent, og gjeld også songlyrikk.

Stipendet blir delt ut under Ulvik poesifestival 11.-13. september 2020, og alle som vil kan fremje forslag om kandidatar til stipendet fram til 15. mars ved å fylje ut skjemaet under.

– Dei fleste litterære prisane går til etablerte forfattarar, og det er få reine lyrikkprisar. Olav H. Hauge-stipendet framhevar dei unge, nye og særprega lyrikarane som held det lyriske språket levande og aktuelt, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

Olav H. Hauge-stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk, og som med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet femnar om all lyrikk på nynorsk, bokmål og dialekt.

Det første Olav H. Hauge-stipendet blei tildelt Erlend O. Nødtvedt under Poesifestivalen i 2018. Den unge poeten frå Bergen fekk stipendet for å ha fornya det lyriske språket, samstundes som han løftar fram fleire litterære uttrykk og tradisjonar. – Stipendvinnaren frå 2018 skal framføre eit tingingsverk til årets poesifestival, og vi ser særleg fram til framføringa, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide.

Stipendet er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad. Ein fagjury med medlemer frå Norsk Forfattersentrum og Nynorsk kultursentrum vurderer alle framlegga og avgjer kven som får stipendet.  

Olav H. Hauge var oppteken av dei nye lyrikarane i si samtid, og unge forfattarar som skreiv brev til Hauge fekk svar og råd. – Difor er det både rett og naturleg å kalle stipendet opp etter den store diktaren frå Ulvik, avsluttar Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

Målsettinga med stipendet
•    Stimulere unge, særmerkte forfattarskapar innanfor skrift- eller songlyrikk på nynorsk, dialekt og bokmål
•    Sikre talentfulle lyrikarar gode arbeidsvilkår og eit tryggare rom for kunstnarleg utvikling
•    Fremje interessa for lyrikk generelt  og framheve ei vidare forståing av lyrikk

Statuttar for Olav H. Hauge-stipendet for unge lyrikarar
1.    Olav H. Hauge-stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk og med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent.
2.    Stipendet vart første gongen delt ut under Ulvik poesifestival 2018.
3.    Stipendet blir over tid fordelt jamt mellom kvinner og menn som skriv på nynorsk og bokmål. Kunstnarar som nyttar dialekt, kan også få stipendet.
4.    Styret i Nynorsk kultursentrum vel ein stipendjury på tre personar med stor fagleg tyngd og sterk litterær posisjon. Ein av medlemmene blir oppnemnd etter framlegg frå Norsk Forfattarsentrum.
5.    Vinnaren av Olav H. Hauge-stipendet blir kunngjord under opninga av Ulvik poesifestival.
6.    Hauge-senteret avtalar med stipendvinnaren deltaking på eit kulturarrangement i mellomåret og eit nyskapt verk til neste poesifestival. Stipendet inkluderer godtgjersle for dette, men reise og opphald kjem i tillegg. Andre avdelingar i Nynorsk kultursentrum betaler vanleg honorar ved eventuell deltaking på arrangement i deira regi.

NOMINER DIN KANDIDAT TIL OLAV H. HAUGE-STIPENDET

Fyll ut alle felta i skjemaet under med ditt namn og di e-postadresse, namnet og fødselsåret til kandidaten du nominerer samnan med utgjevingane og ei grunngjevinga. Trykk så send.
Nominasjonsfristen er 14. april 2020.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk