UTGÅR! Lesestund 29. mars og 30. mars

Haugesenteret inviterer til lesestund i påskeveka. Foto: Ingvil Skeie Ljones.

Nynorsk kultursentrum og Haugesenteret inviterer til lesestund i påskeveka med to heilt nye barnebøker.

Måndag 29. mars vert det høgtlesing av forfattar og illustratør Martine Grande si nyaste bok Ørn. Tysdag 30. mars kan ein høyre utdrag frå Jakob og Neikob-skapar Kari Stai si nyaste bok, Passe happy.

Ørn er ei biletbok som passar for barn i alderen 3–7 år. Boka handlar om venskap og utanforskap, men det er også ei bok om å vekse og bli sterkare. I boka møter vi Sam og bestevennen hans, Ørn, ein liten og glad undulat.

Passe happy er skrive og illustrert av Kari Stai og passar for barn i alderen 8–12 år. I boka møter vi Juri, som snart vert 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste.

Lesestundene har fri inngang, men på grunn av smittevern må alle som vil vere med, likevel melde seg på. Send ein e-post innan 28. mars til jorid.lekve.eide@nynorsk.no for påmelding til lesestunda med Ørn, og til anja.haugland.svingen@nynorsk.no for påmelding til lesestunda med Passe happy.

Ørn av Martine Grande / Samlaget
Passe Happy av Kari Stai / Samlaget.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk