Her er og eit midtpunkt!

Foto: Ingvil Skeie Ljones / Hauge-senteret

Hauge-senteret ønskjer små og store sommargjestar velkomen til Ulvik og til Hauge-senteret. 

Ved Olav H. Hauge-senteret kan du oppleve dikt og songar frå mange tider og verdshjørne. Senteret rommar forteljingar om dikta til Olav H. Hauge og syner korleis poesien er ein del av kvardagen til mange menneske. I basisutstillinga kan du lære meir om Olav H. Hauge sitt liv og verk. Temautstillinga «Fuglar i lyrikken»  gir nokre smakebitar på den rikhaldige diktinga som – av ulike grunnar – kler seg i fjørdrakt, syng og flyg. I kortfilmen «Ordmeisteren» møter du Olav H. Hauge heime i tunet på Rossvoll, og du får høyre han lese eigne dikt. Filmen er inkludert i billetten.

I museumsbutikken finn du alt frå lyrikkbøker og nynorske barnebøker til Hauge-turkopp, magnetpoesi, handlenett og lokale handverksprodukt. Ein treng ikkje løyse billett til museet for å besøke butikken. 

Me held ope tysdag til fredag kl. 10–15, og laurdag og søndag kl. 11–16.

Fast omvising i museet tysdag til fredag kl. 13.00 frå 23. juni til 7. august (maks. 4 personar grunna smittevernstiltak). Du kan tinge plass per e-post (post@haugesenteret.no) eller på telefon (56 52 70 70). 

Fast omvising kl 13.00 tysdag-fredag er inkludert i billettprisen. Det er råd å tinge omvising utanom oppsett tid. Pris 150 kr per person. Utanom opningstid kjem det eit tillegg på 1000 kr.

Velkomen! 

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk