Vårprogram i Haugesenteret

Bergen Mandolinband. Foto: Pressebilete / Kim Ramberghaug

Vårprogrammet opnar med poesikonsert i samarbeid med Osafestivalen på Voss.

23. januar kjem konserten «Vandring» til Osasalen på Voss. Diktar Sigmund Løvåsen og komponistane og musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli har skapt musikk og lyrikk i samspel med kvarandre og resultatet er eit unikt samansveisa verk der overgangane frå lyrikk, komponert og improvisert musikk glir saumlaust i kvarandre og bidreg til ei fokusert, intens og sterk oppleving for publikum.

21. mars feirar Haugesenteret lyrikken og Verdas Poesidag med føredraget «Mi mor, Marie Takvam». Journalist og politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, kjem for å presentere biografien Hun skrev for å kunne leve– Min mor, Marie Takvam. Marie Takvam var ei viktig nynorsk diktarstemme og debuterte med diktsamlinga Dåp under sju stjerneri oktober 1952. I biografien formidlar Magnus Takvam eit kunstnarportrett av ein av våre største norske lyrikarar. Samstundes skriv han om korleis han som son opplevde å vokse opp med ei mor som på den eine sida levde eit spennande liv, men på den andre sida hadde ein vanskeleg kvardag. 

Tradisjon tru vert det Sidersleppkonsert under Sidersleppet fredag 20. mai på Lekve Gard.  Med stor speleglede og ein gnistrande energi dukkar Bergen Mandolinband endeleg opp mellom blømande epletre i Ulvik. Etter 20 år er spørsmålet som prydar Bergen Mandolinband si nyaste plate; Koss havna me her? Bandet til forfattar Gaute Sortland forsøkjer å svara på kor det heile starta, kva som skjedde og som stadig skjer, undervegs. Plata er omtala som ein sprudlande fest med si finstemde blanding av norsk, amerikansk og irsk folkemusikk.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk