
Hauge-dikt i Hauges hage: sal av ståplassar
Venelaget sitt arrangement på Rossvoll laurdag 8. september kl 13.00 er no utseld, men det blir lagt ut sal av ståplassar ved inngangen.
Venelaget Olav H. Hauge inviterer til poesitreff på Rossvoll.
Saman med eigarane av fruktgarden der Hauge budde, inviterer Venelaget Olav H. Hauge til poesitreff på Rossvoll. Meisterspelemann Knut Hamre og skodespelar Liv Bernhoft Osa vil med diktlesing og hardingfele løfte fram kjende og mindre kjende dikt frå diktarverket til Olav H. Hauge. Venelaget Olav Hauge har oppretta Amboltprisen som skal gå til ein som har gjort mykje for å gjere diktarverket til Hauge kjent. Prisen blir delt ut på Rossvoll.
Etter arrangementet er det klart for årsmøte i Venelaget.
Hauge-dikt i Hauges hage
Laurdag 8. september
Kl. 13.00
Rossvoll
SAL AV STÅPLASSAR 150,- VED INNGANG, (ikkje førehandssal).