Poesifestivalen lanserer årets program

Kari Bremnes og Ruth Lillegraven kjem til Poesifestivalen 2021. Foto venstre: Stian Andersen. Foto høgre: Paal Audestad.

Når Poesifestivalen blir arrangert 3.–5. september, er det Olav H. Hauge sin forfattarskap som dannar grunnlaget for eit variert festivalprogram i poesi- og eplebygda Ulvik.

Årets litterære program krinsar rundt festivaltemaet Naturtap. Ruth Lillegraven og Hilde Myklebust les skogsdikt for dei minste, og danske Mette Moestrup les epledikt mellom epletrea på Lekve Gard. Haugesenteret held fram med seminartradisjonen og inviterer til lyrikkseminar med tittelen «Naturen i poesien».

Nytt av året er fleire programpostar med langlesing av Hauge-dikt. Poetane Øyvind Rimbereid, Ruth Lillegraven og Anna Kleiva skal lesa kvar si diktsamling av Olav H. Hauge.

– Å høyra Hauges dikt formidla av samtidsaktuelle poetar blir ei staseleg oppleving. Dei har alle tre eit nært forhold til Hauge si dikting. At dei har takka ja til å langlesa under årets festival, er me veldig glade for, seier programansvarleg Jorid Lekve Eide.

Kari Bremnes er allereie på programmet med ein utseld konsert laurdag kveld. Festivalen har difor også invitert Bremnes til ein samtale med jounalist Kari Hesthamar. I samtalen med tittelen «Song, trø lett på hjarta mitt» får publikum høyra om korleis tekstforfattaren Bremnes smir tekstane sine, og høyra om forholdet hennar til Nord-Noreg og naturen. 

Sundag føremiddag møter poet Erlend O. Nødtvedt litteraturkritikar Sindre Ekrheim til ein samtale om lyrikk og rytmikk. Nødtvedt blei i 2018 den fyrste mottakaren av Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar.

– Vi gler oss stort over å kunna ønskja velkomen til ein ny poesifest i Hardanger. Å endeleg kunne samla folk til opplevingar knytte til lyrikk, musikk og spennande samtalar er noko festivalfolket har sett fram til, seier arenaleiar Geir S. Netland.

Poesifestivalen 2021 går av stabelen i Ulvik 3.–5. september. Sjå heile programmet og kjøp billettar på poesifestivalen.no.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk