Lytt til lyrikken med Anna Kleiva og Frida Ånnevik

Foto: Anna Kleiva og Frida Ånnevik
Anna Kleiva og Frida Ånnevik. Foto: Ingvil Skeie Ljones og Anne Valeur.

Lytt til lyrikken er ein programserie i regi av Olav H. Hauge-senteret der ein musikar og diktar møtest til ein samtale om å skriva og å leva med songar og dikt. Her kan du høyre podkasten frå Lytt til lyrikken med Anna Kleiva og Frida Ånnevik frå Bergen Offentlege bibliotek.

Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst? Ordet lyrikk kjem som kjent frå det greske ordet for strenginstrumentet «lyra», og i antikken var lyrikk song til strengespel. Det kinesiske ordet for lyrikk, «shi», tyder ordsong, og peikar også til songen. Er det slik at songlyrikken og lyrikken lever meir separate liv i dag? I denne programposten har tekstforfattar og musikar Frida Ånnevik fått invitere med seg ein diktar ho har lyst til å møte, og valet fall på Anna Kleiva. Dei to møtest til ein samtale om å skrive og å leve med, songar og dikt. Det blir også laga rom for at vi spissar øyrene, og lyttar til lyrikken. Frida Ånnevik og Anna Kleiva deler både song og dikt med publikum.

Frida Ånnevik har sidan debuten i 2009 markert seg som musikar med poetiske tekstar, og er kjend for å løfte fram det store i dei små tinga. Ho har hausta heile tre spelemannsprisar i kategoriane tekstforfattar og viser. Anna Kleiva har gjeve ut tre diktsamlingar sidan debuten i 2011. Ho vert omtala som ein språkkunstnar med overskot og stor biletskapande kraft, og i 2015 vart ho tildelt Bjørnson-stipendet. Dei to møttest 23. oktober på Bergen Offentlege Bibliotek, og arrangementet var eit samarbeid mellom Bergen Offentlege Bibliotek og Olav H. Hauge-senteret.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk