Diktbøkene

Glør i oska

1946

Olav H. Hauge debuterer med ei ujamn samling som på sitt beste peikar framover mot det som skal koma.

Under bergfallet

1951

Det er i denne andre samlinga at Olav H. Hauge byrjar å finna ei retning i forfattarskapen sin. Her er han i kontakt med viktige straumdrag i samtidslitteraturen, og han maktar å skapa eit gjennomgåande uttrykk som er originalt.

Seint rodnar skog i djuvet

1956

Dette er Olav H. Hauges kunstnarlege gjennombrot. Her står eit fleirtal dikt som i dag med rette har klassikarstatus. Boka kan òg lesast som ei samanhengande forteljing, som ein punktroman.

På Ørnetuva (1961)

1969

På Ørnetuva er Olav H. Hauges store gjennombrot blant kritikarar og forfattarkollegaer, og boka peikar ut retninga for norsk lyrikk dei neste åra. 

Dropar i austavind

1966

Dette er det store popalbummet i norsk poesi. Dei einaste diktsamlingane som i det heile kan måla seg med den breie appellen til denne boka, er typisk nok to andre utgjevingar noko seinare i det opent kommuniserande og livsglade 1960-talet: Jan Erik Volds Mor Godhjertas glade versjon.Ja (1968) og Kykelipi (1969).

Spør vinden

1971

SPØR VINDEN (1971)
Formmessig er det mest iaugefallande ved denne utgjevinga at det berre er nokre få minningar att av dei mange kortdikta frå førre boka. Elles er det mange dikt retta til internasjonale forfattarar her.

Janglestrå

1980

Etter å ha gjeve ut ei ny diktsamling kvart femte år frå 1946 til 1971, kjem det ikkje noka ny bok frå Hauge i 1976.

ABC

1986

Den siste diktboka til Olav H. Hauge er eit samarbeidsprosjekt med kona Bodil Cappelen.