Oktoberhelg i Ulvik

2.-4. oktober er ei helg full av gode aktivitetar i Ulvik. Fruktslepp på Frukt-og Siderruta, open gardskafe, kajakk og fiske på fjorden, flatbrødbakst, konsert og kinoframsyning. 

Oktoberhelga i Ulvik er pakka med gode opplevingar og aktivitetar for heile familien. Hauge-senteret held ope laurdag 3. oktober kl 11-16. Museumsbutikken har mange gode tilbod på barnelitteratur, lyrikkbøker og Hauge-titlar denne dagen. Basisutstillinga om Olav H. Hauge sitt liv og verk og temautstillinga «Fuglar i lyrikken» kan opplevast i senteret.

Hauge-senteret og Ulvik Turlag inviterer barnefamiliar til å gå på bokstavjakt langs kulturstien Tysso (Ulvik sentrum). Gjennom møte med Olav H. Hauge sine barnedikt skal ulike bokstavar samlast inn og bli til eit løysingsord. Oppgåvekort kan hentast på Hauge-senteret eller på Ulvikatorget (Turistkontoret). Etter endt bokstavjakt vankar det premie til alle som deltek. Premie kan du hente på Ulvikatorget mellom kl 11-15 laurdag og søndag. 

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk