Seminarnettverk for poetisk tenking
Frå seminaret Fire forfattarskapar, fleire tankar med Litteraturvitarane Anne Helene Guddal, Hadle Oftedal Andersen, Trude-Kristin Mjelde Aarvik og Tom Egil Hverven.Foto: Harald Johnsen

Seminarnettverk for poetisk tenking

Nettverket for poetisk tenking skal skape debattfora om lyrikk og lyrikksjangeren gjennom forskingsseminar og meir publikumsretta arrangement.

Bakgrunn

Hauge-senteret er eit dokumentasjons- og formidlingssenter om Olav H. Hauge og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser. Som det einaste lyrikksenteret i landet er det ei viktig oppgåve for oss å utvikle kunnskap, formidle denne og fremje debatt om dei ulike rollene lyrikken har og har hatt.

Det første seminaret i regi av nettverket for poetisk tenking blei arrangert 10.-11. november 2015 på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i samarbeid med Eirik Vassenden, Jørgen Sejersted og Torgeir Skorgen frå Universitetet i Bergen, og Ole Karlsen frå Høgskolen i Innlandet. Det blei holdt til saman 10 innlegg av 11 deltakarar. På dette seminaret blei det konkludert om at nettverket, med Olav H. Hauge-senteret i spissen, skulle freiste å arrangere fleire seminar, og då spesielt med fokus på å nå ulike grupper lyrikkfaglege miljø, som bibliotekarar, lærarar, kritikarar og akademikarar.

Føremålet med seminaret er å formidle og debattere poesien si rolle som reflekterande samfunnsaktør, og er mynta på alle som er interesserte i samanhengen mellom poesi, tenking og samfunn. Tema skal vere skiftande, men tenking og refleksjon i lyrikken skal alltid stå sentralt. Hovudseminaret er annakvart år, og er eit samarbeid mellom Olav H. Hauge-senteret og lyrikkfaglege miljø ved Universitetet i Bergen, Høgskulen i Hedmark og Universitetet i Oslo.  

Gjennomførte seminar

Seminar på Ulvik poesifestival 7. september 2018 "Lyrikk i krisetider". 

Hovudseminar på Hauge-senteret 9.-10. november 2015: "Poetisk tenking og diktarrolla: tysk poesi og Olav H. Hauge".

Seminar på Ulvik poesifestival 9. september 2016: "Poetisk tenking i samtidslyrikken".

Hovudseminar på Universitetet i Bergen 3.-4. november 2017: "Lyrikk, samfunn og krise".



Medlemmar i nettverket / deltakarar på seminara

Anne Helene Guddal, Universitetet i Bergen

Eirik Vassenden, Universitetet i Bergen

Erling Aadland, Universitetet i Bergen

Hadle Oftedal Andersen, Universitetet i Helsingfors

Hans Kristian Rustad, Universitetet i Oslo

Ingrid Nielsen, Universitetet i Stavanger

Jørgen Sejersted, Universitetet i Bergen

Klaus Johan Myrvoll, Universitetet i Oslo

Kristin Vego, Vagant

Ole Karlsen, Høgskulen i Hedmark

Ronny Spaans, Universitetet i Oslo

Trude-Kristin Mjelde Aarvik, Universitetet i Bergen

Tom Egil Hverven, Klassekampen/Bokmagasinet

Torgeir Skorgen, Universitetet i Bergen

Sissel Furuseth, Universitetet i Oslo

Sissel Lægreid, Universitetet i Bergen

Stein A. Hevrøy, Olav H. Hauge-senteret