Monika Solheim og Adele Lærum Duus deler sitt Hauge-dikt
Foto: Geir Hansen

Monika Solheim og Adele Lærum Duus deler sitt Hauge-dikt

Din veg

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

Olav H. Hauge, Under bergfallet 1951

 

Då eg møtte diktet første gong var eg songelev ved Stord musikkgymnas, eg fikk i hende eit knippe Geirr Tveitt-notar, og med desse fulgte dei nydelege Hauge-orda som ber tittelen Din veg.

Så luftig, og likevel så skarpt treffande om sjølve livet at eg vart reint fortumla.

Sidan har diktet fulgt meg og eg har nytta det både i helsingar til pur unge konfirmantar, som ei siste helsing i gravferder, og som godnattsong til borna mine kvar kveld i årevis. Diktet fortumlar meg og grip meg like mykje i dag som for 30 år sidan.

Monika Solheim

 

Mitt første møte med dette diktet var nok likt mange andre sitt: Som oppgåve i diktanalyse på gymnaset. Orda trefte meg med ein gong: «Ingen har varda den vegen du skal gå». Akkurat slik var det å vere 17 år og på veg ut i verda. Eg visste allereie då at eg ville gå ein litt uvanleg veg, for min største draum var å bli skodespelar. Å ikkje ha nokre vardar å peile etter, å finne vegen sjølv, var skremmande, men bar også på ein fridom. Verda låg der jo, full av moglegheiter, som dalane der dei ligg under deg når du står på ein fjelltopp og ser utover. «Det er uråd å snu». Ja, det var uråd å snu, det fann eg ut då eg var komen eit stykke på den kronglete og smale vegen. Eg tok ein sving, vegen vart borte for meg, eg gjorde eit sidesteg inn på ein annan veg, som eg trudde ikkje ville føre meg nokon stad, men som med eitt hadde brakt meg pent tilbake til hovudvegen igjen. Stadig i bevegelse, stadig framover. Min veg førte meg til det eg drøymde om. Andre må finne sin eigen.

Adele Lærum Duus

 

Du møter i Monika Solheim og Adele Lærum Duus i framsyninga Himmelspringaren på Hauge-senteret 9. desember. Les meir her.