Erlend Nødtvedt deler sitt Hauge-dikt
Foto: Elias Dahlen

Erlend Nødtvedt deler sitt Hauge-dikt

Erlend Nødtvedt er for tida aktuell med diktsamlinga "Slekter" og kjem til Syse gard for å lese 14. november. Her kan du lese kva for dikt av Hauge han har valt seg ut.

 

Svarte krossar

Svarte krossar
i kvite snjo
luter i regnet gruve.


Hit kom dei døde
yver klungermo
med krossar på herd
og sette dei frå seg
og gjekk til ro
under si klaka tuve.

Olav H. Hauge Glør i oska 1946

 

Halldis Moren Vesaas skrev: «Det sat. Det sit. Gjekk beint inn som eit hogg». Bjarte Birkeland skrev: «Knappare kan det ikkje gjerast». Geirr Tveitt skrev: «Dette diktet grip både bakyver og framyver i heile voksteren hans, i tankar, tonar og symbolikk». Nils Hellesnes skrev: ««Svarte krossar» er ei vemodig, stutt hymne». Otto Hageberg skrev: «Gripande i sin nakne konsentrasjon er miniatyrdiktet (...) Enkelt og breiddfullt av allusjoner. Meisterdiktet (...) kombinerer temporal spenning med det løynde livet og den løynde historia bak fenomena». Olaf Øyslebø skrev: Denne noe arkaiske (folkevise-)formen har faktisk ingen liten utbredelse i norsk lyrikk: "Svarte krossar / i kvite snjo." Til Jan Erik Vold sa Olav H. Hauge: «Det med krossen, det er eit symbol på det som du ber, på lidingi, veit du - det du har å bera i verdi. Og det set dei ifrå seg der. Det er nokso enkelt.»

Erlend Nødtvedt

Billettar til arrangementet på Syse gard 14. november finn du her