Månadens bok: Sveve over vatna

Månadens bok: Sveve over vatna

Sveve over vatna er Ragnar Hovlands kultroman som handlar om ein bygdegut som flyttar til Bergen for å studere. For sildoljefabrikken der han har jobba blir lagt ned. Kattane sluttar å følgje etter han, og han må finne ein annan veg i livet.

Kvifor Bergen? Jo, fordi ein fyr har sagt til han at: «Kvifor begynner du ikkje på universitetet? Der kan du gå i år etter år og likevel ikkje bli noko når du er ferdig». Dette passar hovudpersonen heilt ypparleg: «Eg måtte finne på noko å gjere, det var greitt, men bli noko ville eg ikkje». 

Undervegs til å ikkje bli noko, blir bygdeguten kjent med nokre originalar. Ikkje minst Dr. Munk. Han er glad i sterke saker og kommunisme. Waglen dukkar også opp, ein røff type som likar å ta kvelartak bakfrå på hovudpersonen i boka. I det heile tatt er dei ein salig, eller snarare u-salig, gjeng med blanda drops. Dei byd på ein herleg galskap i rikt monn, og ein bør kanskje ikkje vere kjenslevar eller for fin på det om ein skal gjennom boka.

Vi blir kjend med kaffistova Ervingen, Holbergsstuen, Nygårdsparken og andre stader i Bergen. Vi blir også med til skogs etter ein svært mislukka fest hos Vaskebrett-Olsen. For Vaskebrett-Olsen har alltid dårlege festar og all opplevd ulukke knytt til desse festane er hans feil. Iallfall om vi skal tru hovudpersonen vår, som altså vaknar i skogen etter ein av desse kveldane:

"Eg låg på blaut mose, omgitt av høge tre, og eit svært så blautt oktober-regn silte ned på meg. Dette var for gale, fann eg ut, då heile situasjonen var nokonlunde gått opp for meg. Rett nok hadde eg vore på mange mislukka festar i mitt liv, men det var første gongen eg vakna gjennomvåt og åleine midt inni ein skog."

Ikkje berre er han kald, våt og åleine. Han byrjar å tenke på eit monster bestefaren pleidde å snakke om. Eit farleg monster som heitte gassen.

"- Å herregud, tenkte eg igjen. Dersom no gassen skulle kome på meg òg, då ville det vere ute med meg. Då ville eg få slag. Og magesår. Om eg då ikkje hadde krefter til å slite meg inn på dyrka mark. Eg fekk berre kome meg herifrå i ei brenning." 

Heldigvis finn han ein telefonkiosk (i skogen!) til slutt. Og ein veg. Så vi kan følgje han vidare på ulike eventyr i kjærleik, musikk, reiser til Paris, og generelt absurde og surrealistiske situasjonar, fyll og spetakkel.

Ragnar Hovlands Sveve over vatna er ei av favorittbøkene mine. Eg må ha lese ho ein ti-tals gonger. Og når eg les i ho så slår det meg at eg burde ha lese henne på ny før. Så god er boka. Den er kanskje ikkje for sarte sjeler, men jammen gjer det godt for denne sjela å lese i ho. Viss ein god latter forlenger livet burde fastlegane skrive ut Sveve over vatna på blå resept.