Månadens bok: Pølsetjuven

Månadens bok: Pølsetjuven
Pølsetjuven_omslag

 

Eg kan ikkje vere med, sa Kjell.

Tull, du har ikkje feber, sa mor.

Men eg har vondt i magen.

Du er berre spent!

Eg vil ikkje stele frå Pølse-Per, han er venen min!

Ein sann tjuv må kunne stele frå kven som helst!

 

Månadens bok: Pølsetjuven
Pølsetjuven1

Kjell er ni år og fødd inn i ein tjuvefamilie. Problemet er berre at Kjell vil ikkje vere ein tjuv! Kjell kunne heller tenkje seg å vere ein hestetemmar. Eller brøytebilsjåfør, eller grønsaksbonde. Då kunne han også tent sine eigne pengar, og sleppe å stele alt han og familien hans treng.

Kjell likar ikkje å stele. Difor stel han berre ting som ingen eig lenger. Mor og far er ikkje nøgde, og forsøker å fortelje Kjell at å plukke søppel, og ting som ingen eig lenger, ikkje er å stele. Kjell vert fort sett i bås som familiens dårlegaste tjuv. Kanskje verdas dårlegaste tjuv, faktisk.

På skulen er Pølse-Per Kjell sin beste ven. Men, når Pølse-Per og familien hans skal på ferie, så går rykta. Rykta om eit tomt hus. Heile familien til Kjell gjer seg klar til å stele rubbel og bit frå Pølse-Per sitt hus. Men Kjell vil ikkje vere med. Han vil ikkje stele frå venen sin!

Natta etter innbrotet listar Kjell seg attende til Pølse-Per sitt hus. Han vil levere tilbake det fine bilete som han måtte stele frå romme til Pølse-Per. På veg dit høyrer Kjell lydar frå skogen. Er det nokon der? Fram tittar det ein heil storfamilie av typar som har flytta ut i skogen. Dei har flytta frå byen til skogen fordi dei ikkje vil vere noko dei vart sett til å vere. Dei vil vere seg sjølve. Vere det som magen og hjarta kjenner at dei skal vere. 

Gjengen i skogen hjelper Kjell å få attende alt tjuvegodset til Pølse-Per sitt hus. Tidleg neste morgon listar Kjell seg heim igjen. Der ventar tjuve-familien, som er både litt lei seg og litt sinte. Tenk å stjele frå sin eigen familie! Kjell får oppseiing frå sin eigen tjuve-familie, og for Kjell vert dette starten på eit nytt liv, i ei ny drakt. 

Månadens bok: Pølsetjuven
Pølsetjuven3

Slutten på å vere tjuv er endeleg her! Kjell er fri! Han kan bli det han vil. Han veit nøyaktig kva han skal gjere.....!

Pølsetjuven er ei rikt illustrert barnebok med ein leiken, fargesterk og særeigen strek. Historia er god, med ein viktig bodskap. Vi vert alle fødd inn i noko, i ein heim, i eit hus, i ein familie. Vi kan alle kjenne på at vi skal vere slik, eller slik. Men kva vil vi vere sjølv? Kva vil du vere? Det kan stundom vere vanskeleg å finne ut kven ein eigentleg er. Og å tore å vere den ein ønskjer å vere. Pølsetjuven er ei bok som skriv om nett dette.

Pølsetjuven er skriven og teikna av Marianne Gretteberg Engedal. Boka er hennar debutbok og er utgiven av Det Norske Samlaget.

Du finn boka i museumsbutikken på Hauge-senteret.