Månadens bok: Med øksene dei haustar inn

Sigmund Løvåsen viser med denne diktsamlinga at han er ein poet som evner å skrive seg inn i ein eksistensiell og naturnær lyrikktradisjon.

Månadens bok: Med øksene dei haustar inn
Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen debuterte som lyrikar i 2018 med den flotte diktsamlinga Med øksene dei haustar inn. Løvåsen er ein prislønna romanforfattar og dramatikar som her stadfester at han også skriv levande og sterk poesi. Løvåsen skriv nært fysiske erfaringar knytt til oppveksten på gard i Trysil med jordbruk og drift av skog som omdreiingspunkt. Dikta set menneska sitt tilhøve til naturen inn i ein større og eksistensiell samanheng. Gjennom tida har vi dyrka og forma landskapet for å skape livsgrunnlag og gi dette vidare til neste generasjon, medan landskapet og naturen òg har forma oss.

 

MITT FØRSTE MINNE FRÅ EIN ÅKER


Eg er så liten at kornet når over meg

Eg har gått inn i åkeren, men finn ikkje vegen ut

Eg går og går

Eg græt stilt

Eg høyrer etter kvart stemma til mamma

Eg går mot stemma

Eg er framleis i den åkeren

 

Dette innleiande diktet slår an tonen i samlinga; åkeren som vern og skydd rundt tilværet og ei uro for å miste det trygge. Natur og barndom set spor som følgjer oss gjennom heile livet. Løvåsen skildrar det manuelle arbeidet, hendene, reiskapane, fellesskapet, kvardagane og dei tunge børene utan å romantisere det fysiske slitet. Poesien har også ein sosial og politisk brodd;

Storbøndenes rikdom og husmennenes fattigdom forma landskapet

Diktsamlinga har ei rekkje referansar til bibelske og mytiske forteljingar. Elvene som renn gjennom liva våre gjennom alle tider er ei livgivande kraft enten det er tale om Gaulavassdraget eller Ganges;

I opphavet var Elva, alt var til ved Elva, og utan henne var ikkje noko til

Det som vart til i henne, var liv, og Elva var lyset for menneska

Elva skin i mørkeret og mørkeret har ikkje overvunne henne

 

Eika er eit sentralt gjennomgangstema i boka. Eika har heilt frå urforteljingane til vår tid vore eit sanningsvitne som følgjer menneska gjennom generasjonane. Ho står der og kan fortelje om fødsel, sorg, siger, kjærleik, fellesskap, død og tap. Eika følgjer oss gjennom livssyklusen og er vitne til små og store hendingar og ritual som bind oss saman. Eika står stødig gjennom dei store stormane, ho gir vern og skugge, og ho hyser fuglar som kjem med varsel frå andre himmelstrok og farne tider.

 

KYRKJEGARDEN VED OPPEGÅRD KYRKJE

 

Kyrkjegarden er omgitt av tretten eiker

registrerte i Naturbase av underteikna

Under dei skal eg gravast ned

 

Dei djupborande eikerøtene frå trea eg har skjøtta,

skal suge næring frå meg

Ungeikene skal vekse seg store, dei gamle skal vekse seg større

Når dei gamle eikene døyr, skal vi saman gi næring til komande slekter

 

Eg skal bli oksetungekjuke, eg skal bæra på flogrogna, eg skal late

dvergspetten hakke i meg og snutebilla finne bu i meg. Eg er raudlista

lav og reir for kattugla, er treet som står der og fell og står der og fell

 

Sigmund Løvåsen si diktsamling er òg eit økopoetisk manifest. Dikta stiller grunnleggjande spørsmål omkring menneska sin plass og rolle i naturen. Her er varsel om uår, sviktande avlingar, artar og naturmangfald som blir borte. Det berekraftige jordbruket med god forvalting av kulturlandskapet der kunnskap, god skjøtsel og respekt for naturen har gått i arv gjennom generasjonane. Dette som har vore med å oppretthalde biologisk mangfald og levande bygder må vernast om. Noko som står i sterk kontrast til det industrialiserte og kjemikalistyrte landbruket som breier meir og meir om seg.

 

GLYSOFAT


Dei argentinske soyaåkrane er så vidstrekte

at dei må bruke fly når dei skal sprøyte

Giftskya lèt seg vakkert farge av sollyset, og minner oss om dei store

insektsvermane og trekronene som ikkje er der lenger

 

Det kjem aldri til å vekse ugras i hjartekammera, bronkiane, testiklane

og beinmergen til arbeidarane og borna deira

 

Insekta forsvinn frå åkrane og inn i dei svangre kvinnene og gir fostera

insekthud, flugeauge, edderkoppbein og sommarfuglvenger

 

Dei nyfødde vil likevel aldri kunne flyge

 

Løvåsen viser med denne diktsamlinga at han er ein poet som evner å skrive seg inn i ein eksistensiell og naturnær lyrikktradisjon der vi finn store diktarar som Olav H. Hauge, Tarjei Vesaas, Hans Børli og Steinar Opstad. Eit av mange vakre dikt i boka er dette;

 

ØKSA


Eg hogg fast øksa i den ferske eikestubben

Neste morgon hadde skaftet byrja å spire

Når eg er daud, skal døtrene mine verje seg

med øksene dei haustar inn

 

 Geir S. Netland, dagleg leiar Hauge-senteret