Månadens bok: Inn i naturen – 101 norske dikt

Månadens bok: Inn i naturen – 101 norske dikt

Antologien Inn i naturen er eit gledeleg gjensyn med norsk naturlyrikk. Men det er også ein moglegheit til å oppdage både etablerte og yngre samtidspoetar.

Boka, som er redigert av Julie Holdal Hanssen og Eirik Vassenden, har eit kort og orienterande forord skrive av sistnemnde. I utgangspunktet gir bok-tittelen meg assosiasjonar til NRK-programmet Ut i naturen, men eg får også ei anna forståing av tittelen ved å lese dette forordet. For, som Vassenden er inne på, er det ikkje berre slik at «menneska alltid har hatt ein tendens til å sjå seg sjølv i naturen» og på den måten gjort menneske til det sentrale med og i naturen. Diktinga kan også forsøke å sjå naturen frå innsida utan det menneskelege i sentrum. Eit døme er frå Ruth Lillegravens dikt «Vårvill»: «eg er eg er eg er / seier den vesle / vakre våren». Vidare blir det poengtert at lyrikk på eit vis òg er natur. Ja, ein kan vel sjå dikting som uttrykk for menneskenaturen så vel som etterlikning av det vi til dagleg omtalar som natur. Her kan Rolf Jacobsens dikt «Hyss – –» stå som døme, for når ein les diktet høyrest ut som bølger mot stranda: «hyss… hyss…». Og diktet ber oss nettopp om å vere stille – lytte – når naturen talar.

Inn i naturen er strukturert etter årstidene. Det vil seie at vi følgjer året og byrjar med vårdikta og ender med dikt om vinteren. Det gjer at den eldre og den nyare lyrikken kan kome tett på kvarandre. Den stilistiske variasjonen saman med motiv og tema vi kan kjenne att, gir boka ein fin dynamikk. Det blir nok feil å kalle ein diktantologi for «pageturner», men likevel må det seiast at boka har ein fin balanse som gjer at lesinga ofte går lett (og difor kan tole eit visst tempo).

Mellom dei eldre er diktarar som Ivar Aasen, A. O. Vinje og Olav Nygard representerte. Olav H. Hauge sin generasjon lyrikarar er sjølvsagt også representert med namn som Rolf Jacobsen, Inger Hagerup, Hans Børli, og ein av mine favorittar i boka, Astrid Hjertenæs Andersen:

Hestene står i regnet

Når mitt sinn er fylt av drømmer,

mere dunkle, mere fjerne

enn min tanke kan forklare,

mere ville, mere hete

enn mitt hjerte kan forstå,

vil jeg bare stå i regnet

slik som hester står i regnet

på en bred og saftig slette

mellom tunge fjell, som her.

 

Stå og kjenne kroppen suge

dette svale, sterke, våte,

som i strie strømmer siler

over ansikt, hår og hender.

Likne skogen der den suger,

som et barn, av himlens bryster.

Likne sletten, full av sødme,

sitrende av fromt begjær.

 

Slik som hester står i regnet,

lutende, med våte flanker,

og lar duft av muld og væte

drive sterkt og søtt i sinnet,

vil jeg stå og bare være

og la himmel-yret falle,

inntil tanken fri for feber

følger drømmene til klarhet

i en steil og stille ro.

Blant samtidspoetane finn vi (allereie nemnte) Ruth Lillegraven, Morten Langeland, Mona Vetrhus, Øyvind Rimbereid, Synnøve Persen, Anna Kleiva, Terje Tørrisplass, Kjartan Hatløy og Hilde Myklebust. Det er forfriskande med så mange samtidige lyrikarar her. Ja, dei er anerkjende poetar, men likevel ikkje kanoniserte slik som Welhaven og Aasen. For mange lesarar vil fleire namn og dikt vere nye. For min eigen del er eg glad over å bli presentert for eit vakkert dikt av kunstnar og forfattar Synnøve Persen (først på samisk så på bokmål): 

jogažat šnjoarraghotet

jogažat šnjoarraghotet

urbbit bohciidit

cuoŋománu alit ija

ádjagat vulget

áiggit jeagadit

geasselottit devdet

sulluid riejain

ijaid beivviid

gáirrut

caganat

hávddat

mannejit

mearra čuovgá

beaivváš goardigoahtá

galbmasat luitet

jurdagat morránit

muittu balssaid vuolde

loddi ii gáða

 

Små elver

små elver øker på

knoppene skyter

vårmåned blå natt

tidene lystrer

sommerens fugler fyller

hver øy med skrål

netter og dager

måkene

tjeldene

ærfuglen

ruger

sjøen lyser opp

kulda slipper

tankene våkner

under frost-tuene

Boka kan anbefalast til alle som treng ei stund utanfor stova medan dei sit i stova. Gjerne òg på hytta. Innbindinga er solid nok, den bør tole å bli brukt på telt- og skiturar også. I alle fall for dei med tørrsekk og gode sko på veg Inn i naturen, reidde og klare for all slags vêr til alle årstider.