Månadens bok: Himmelspringaren
Foto: Illustrasjon: Sissel Horndal

Månadens bok: Himmelspringaren

«Fjellrosa hadde fått tre kvite, fine lam, og alt var bra, då det plutseleg klaska endå ein krusedull rett ned i golvet. Alle vart ståande og gape. Noko var fullstendig gale.

Ho er jo…..lilla! sa Johanna. »

Slik byrjar historia om det vesle lammet Lilla som kom til verda i Gullullafjøset ei natt for mange mange år sida. Lenge før eg og du vart fødde. Før vi kunne dra på sommarferie til Syden , og før vi hadde fjernsyn i kvar ei stove.

Lammet Lilla er ikkje som andre lam i Gullullafjøset til Johanna. Ingen hadde sett maken til eit slikt lam i heile fjorden. Og sikkert ikkje i fjorden bortanfor heller. Heldigvis har Lilla Gamalsauen, for Gamalsauen passar på Lilla når verken mor eller andre sauer i fjøset vil ha noko med ho å gjere.

Når saueflokken dreg til fjells må kopplammet Lilla bli heime med Gamalsauen. Men fjellet lokkar, og utpå seinsommaren får Gamalsauen endeleg dra frå heimebeite, kanskje for aller siste gong. Og Lilla får bli med…

Gamalsauen lærer Lilla alt ein treng å vite om Heimefjella; kor ein finn det beste graset, kor det er kjekt å vere for eit lite lam, kor det er farleg å vere. Ein dag vert det faktisk farleg, når jerven «Kvasskjeften» trugar flokken. Den dagen viser Lilla kor mykje mot som kan bu i ein liten lammekropp. For Lilla er ikkje berre eit annleis lam, ho er ein Himmelspringar!

Sissel Horndal si barnebok er ei forteljing om mot og om venskap. Om det å vera annleis, det å halde saman. Det å ha nokon som passar på deg. Om å stå opp for nokon, å bry seg. Ei forteljing til ettertanke for både barn og vaksne.

Dyra og fjellheimen har fått namn som gjev forteljinga ekstra fin poetikk: "Gamalsauen" er den som veit det dei andre må lære seg. "Varslar" er den som vernar om flokken sin, som plystrar når farane trugar. "Rækarbreka", "Fjellfjosa" og "Gullulla" er også med i saueflokken. Jerven "Kvasskjeften" og "Daudingefjella" er farene ein må vite om i Heimefjella, og "Snorkarhola" er den aller tryggaste staden ein liten sau kan krype inn i når kvelden er komen.

Månadens bok: Himmelspringaren
Himmelspringaren

Himmelspringaren er ei av dei finaste barneforteljingane eg har lese som vaksen. Den er rørande, morosam, og så godt fortald. Eg trur på denne forteljinga, og eg trur den er ei god forteljing som vi born og foreldre kan ta med oss inn i vår eiga «Snorkarhole» heime.

 

Teaterframsyninga basert på «Himmelspringaren» med skodespelar Monika Solheim og Adele Lærum Duus kjem til Ulvik og Hauge-senteret søndag 9. desember. Boka finn du i vår museumsbutikk.