Månadens bok: Dagen utanfor

Månadens bok: Dagen utanfor

Det er ein heilt vanleg torsdag.

Jon held ei humle i handa,

Det er ikkje heilt vanleg.

Jon stryk på ho, kjenner på vengene.

Ho er mjuk, ho har pels.

 

Ho flaug i går, men ikkje i dag.

Humler skal ikkje liggje stille.

 

Dagen utanfor ei vakker og alvorleg biletbok for barn. Den handlar om noko som ser ut til å bli ein heilt vanleg dag, men som blir alt anna enn nettopp det. Dagen utanfor opplever vi gjennom eit barn som nettopp har mista farfaren sin.

Naboen hentar posten. Hunden må luftast, barna går til skulen, alt er som vanleg. Men, sjølv om det ikkje er 17. mai så skal ikkje Jon på skulen i dag. Noko er annleis. Det er skremmande å vite at farfar skal ned i grava og vere der heilt aleine. Pappa er trist.

 

Månadens bok: Dagen utanfor
Dagen utanfor

 

Korleis kan ein trøyste ein som nett har mista far sin?

 

Men i alt dette finn Jon noko som ikkje er så skummelt…..

Humla er hos Jon.

Jon puttar eska i lomma, og når han vil,

kan han ta ho ut og stryke ho.

Eska får plass i lomma på dressbuksa også.

Og når pappa pussar nasen og tørkar auga sine i kyrkja,

legg Jon nasen sin mot humlepelsen.

 

Dagen utanfor er skrive i eit stramt og stilistisk språk, eit språk som gjer boka var for stemningar og rørande å lese. Som lesar kan ein kjenne på det å være nær nokon, kjenne på det som er sårbart i oss. Det vesle og det store møtes, og i eit barnesinn veks det saman til noko ganske naturleg. Illustrasjonane i boka er enkle og heilskaplege, i ein dempa fargepalett. Ein kan kjenne stemninga i teksten gjennom å sjå på illustrasjonane. Sjølv om ein kan sjå på denne boka som tung og trist, for ein ung lesar, så er den også både aktuell og viktig. Livet har alltid ei skuggeside, og i denne boka kan dei unge bli kjend med den, gjennom ein filosofisk og konstruktiv tekst. Historia er lett å gripe, samstundes som den er vakker og fortellinga heller mot det ljose. På den måten skildrar forfattaren skiftet mellom det positive og det negative i livet.

Dagen utanfor er skrive og ilustrert av Stina Langlo Ørdal. Boka høver best for barn i alderen 4-8år.  Du finn boka i museumsbutikken i Hauge-senteret. 

Indre Larsen, utstillingsvert i Hauge-senteret.