Månadens bok: september 2015
Foto: Elisabeth Tveite

Månadens bok: september 2015

Salssekretær Elisabeth Tveite har valt «Manilahallen» av Ruth Lillegraven som eit seint bidrag til månadens bok i september

I «Manilahallen» introduserer Ruth Lillegraven oss for Birgit fødd 1946. Boka er ein biografi om Birgit, sett gjennom auga hennar, skriven som eit dikt. Her møter me Birgit som ser tilbake på oppturar og nedturar i livet, og ho dveler ved dei hendingane som skal prega ho for resten av livet.

 

eg er nærmast meg sjølv når eg har
knokkelkontakt, seier eg, først då
heng sjela saman med kroppen

 

Den unge og søkjande Birgit er full av liv. Ho er eit aktivt barn med maur i kroppen, som trivs best når blodet pumpar og kroppen er i rørsle.

 

eg slepper
og held
slepper
og held
 
held du
så lever du
 
slepper du
så døyr du

 

Birgit tar oss med til fleire definerande augneblink, som då skuggen festar seg til ryggen og blir hennar fylgjesvenn gjennom det vonde og etter kvart det betre.

 

det vonde er sådd
skuggen bak ryggen
er fødd
 
neste dag går eg ikkje
på skulen

 

Og ho leier oss gjennom den lange reisa mot betring og alderdomen.

 

alt piplar og
pip, og lyser og
lyser, for sjølv i det
mørkaste mørket er
sola der, kapsla inn
i maurtuene og dei
samankropne
barnålene

 

Dette er ei ærleg, og til tider, vond bok som ikkje legg noko i mellom. Versa er knappe, og kan verke brutale, men får fram historia utan sentimentalitet. Kvart menneske ber på si historie, står det på baksida av boka, og desse versa utgjer Birgit si historie på ein ærleg, smertefull og levande måte. Det er Lillegraven som har spurd Birgit om ho ikkje vil dele si heilt vanlege – og difor uvanlege – historie med resten av verda, og vertfall eg er glad for at Birgit sa ja.

 

det er mi
yngste veninne
som spør
 
eg har så lyst å skrive
om deg, seier ho, skrive om
deg og livet ditt, det ganske
vanlege og heilt uvanlege
livet ditt
 
tredje gongen
seier eg ja, legg
livet mitt i ei anna
kvinners hender, og
opnar opp

 

Ruth Lillegraven (f.1978) frå Granvin i Hardanger debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og i 2013 fekk ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Manilahallen kom ut i 2014, og er å finne i museumsbutikken på Olav H. Hauge-senteret og på handlenett.no.