Månadens bok: februar

Salssekretær Jorid Lekve Eide har valt seg ut diktsamlinga Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld av Mona Vetrhus. 

Månadens bok: februar
Mona Vetrhus

 

klokka halv sju om morgonen ringer naboen

det rutete mjølkeglaset mor set i handa mi

er ikkje til å kjenna igjen

 

eg må tenka på å pusta

eg må retta på glaset

retta på kniven

retta på vegen

 

Kva skjer med ei jente når unge gutar rundt ho døyr? I dikta til Mona Vetrhus finst det ei lita bygd mellom sjø og bratte fjell,der ørn, hjort og viking ferdast i same natur som leikande ungar, og der gutar køyrer i fjorden. Vennskap, gryande forelsking og død er viktige tema i boka. Lesaren møter ei jente som har tilbakevendande mareritt. Ho er på veg inn i si eiga verd, der gutane framleis går rundt nede på djupet, og redsla for at fleire skal forsvinna er ein del av kvardagen.

Mona Vetrhus har skrive ei vakker og trist bok om ein kvardag som vert snudd på hovudet. Ho skriv levande om det is-tunne skilje mellom glede og sorg, ljost og mørkt, liv og død. Om å skulle finna fotfestet. Gå vidare. Verta vaksen og tòre å tenkje på det som var. 

 

kroppen er liten

eg står på stranda

dei høge, blå fjella speglar seg i vatnet

som renn inn og ut av sniglehuset

 

med tillit til fjorden

spenner eg frå

 

Mona Vetrhus er oppvaksen i Uskedalen og bur i Olso. Ho har tidlegare vore programleiar for Diktafon i P2. Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld er hennar fyrste bok. Vetrhus vitja Olav H. Hauge-senteret i februar 2014 der ho las frå diktsamlinga og samtala med formidlar og programansvarleg ved Hauge-senteret Guro Ljone. Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld kan kjøpast i museums butikken på Hauge-senteret til kr 249.