Månadens bok: Noriaki

Månadens bok: Noriaki
Noriaki
Noriaki er ei stilsikker, vakker og lågmælt samling med haikudikt, som hyller Noriaki Kasai, hopplegenda som framleis er aktiv i ein alder av 45. Dette er tenksame dikt som teiknar vakre bilete av lengt mot det perfekte svevet. Draumen om å flyge er også Noriakis skjebne, som ein fugleunge på kanten av reiret.

Noriaki inneheld mange nydelege små augneblikk og stemningar, dikt som rommar ei søking etter å erkjenne det sanne og ekte - det fullkomne. Som liten gut lærer Noriaki at aurefiske krev konsentrasjon og tålmod. Spor og minner frå ein barndom er vevd vakkert og musikalsk inn i dei korte tekstane. Sommaren er ventetida, hausten er sårbar som eit lauvblad, men så kjem vinteren.

 

første snøfall

Noriaki våkner

himmelen blomstrer

 

Som ein kjøtmeis på bommen er Noriaki i sin karakteristiske gule hoppdress klar for hoppkanten. Konsentrasjon og meditasjon, bli eitt med svevet, stenge verda ute, vere i stilla, vere i svevet og smelte saman i ei heil rørsle.

Med Noriaki har Endre Ruset også skapt ei fargerik og morosam diktsamling. Den fargesterke hoppdrakta, den kjølige blå dagen, den svarte nattehimmelen, stjernene som riskorn på himmelen. Her finn ein referansar til filmskaparar som Kurosawa og Tarantino, og litterære allusjonar til Becket, Hemingway og Olav H. Hauge.

 

Noriakis tårer

regndråper

i østavind

 

V-stilen, som svenske Jan Boklöv var pioner for, vart perfeksjonert av Noriaki. Ruset har i midtpassasjen i boka plassert dikta i eit V-mønster. Tre dikt plassert diagonalt nedover og tre dikt oppover på motståande side. Noko som også gir assosiasjonar til hoppbakkens ovan- og unnarenn.

Som ein trekkfugl reiser Noriaki mellom verdskjende stader der hoppbakkane ligg som nasjonale monument og der legendariske hopplegender har satt spor i tida. Kyrkjeklokka i Vikersund, vårkrokusane i Harrachov, gjøkuret i Bischofshofen, vindkasta i Kulm, til han ved sesongslutt faldar vingane saman i Planica.

Eit perfekt skihopp handlar også om å utfordre fysiske lover og vere årvaken og til stades i naturen. Følge gaupespor i snøen, lytte til tiuren, studere snøugla, svarttrostens song, ekornets sprang, grankonglas fall og tulipanbia som svever frå blom til blom. Eller minnet om den første forelskinga, den vektlause tilstanden etter det første kysset.

Noriaki er ei nydeleg lita bok der dikta innbundne i det knallgule omslaget med foto av Kasai i svevet, opnar seg som vakre bilete og gir innblikk i både poesiens og hoppsportens vesen.

 

av alle gule blader

som faller mot snøen

er Noriaki det vakreste

 

Endre Ruset kjem til Poesinatt i Ulvik no i november med ei framsyning med musikar Stian Omenås og kunstnar Karin Nogva. Det er berre å gle seg!