Månadens bok: Kakerlakken med den stygge frakken
Foto: Martine Grande / Samlaget

Månadens bok: Kakerlakken med den stygge frakken

Kakerlakken er redd for å blø, redd for å dø. Men ho er òg redd for å leve. Kvar finn ein lys og glede når hausten har gøymt sola og fargane?

Museumsbutikken på Hauge-senteret har eit rikt utval av barnebøker. I barnekroken kan ein opne ei bok og lese om tema som er minst like aktuelle som dei i «vaksenkroken». Skilnaden er kanskje at i barnekroken er forteljingane lagt fram på eit enklare vis. Og med fleire fargestiftar i bruk. Det tek kanskje nokre minutt å lese igjennom ei barnebok. Men, når ein lukkar att boka etterpå så sit ein att med sterke kjensler. Kakkerlakken med den styge frakken er nett ei slik bok. Framsida av boka fortel meg at det er ei bok som tek opp eit viktig og alvorleg tema.

Ein liten kakkerlakk er slett ikkje lukkeleg og glad. Ho er redd for å blø, redd for å dø. Men ho er òg redd for å leve. Kakkerlakken møter mindre hyggelege kakkerlakkar undervegs i boka. Ho lengtar mot lyset. Mot nordlyset som skal kome og ta henne med seg. Kakkerlakken med den stygge frakken er ei bok som snakkar om håp og om det å bli overraska.

“Blenda av det sterke lyset ser ho berre omrisset av ein kvit skapning. Ein engel? Er dette engelen som skal føre Kakerlakken opp til himmelen? Ho har høyrt historier om han. Og sidan han er her, betyr vel det at ho snart ikkje lenger er det? Men har englar hårete bein? Og små følehorn?”

Gjennom forfattar og illustratør Martine Grande sine flotte illustrasjonar og tekstar er denne boka ei forteljing om venskap og fiendar, om angst og om ein veg ut i frå denne. Den største gleda ved å lese denne boka er at det stygge vert vakkert. Det vesle vert stort. Ei god barnebok gjev glede til både liten og til stor. Særleg når ein les den saman. Då vert denne grensa mellom det vesle og det store viska bort.

Kakkerlakken med den stygge frakken finn du i museumsbutikken på Hauge-senteret.

Indre Larssen

utstillingsvert Olav H. Hauge-senteret