Månadens bok: Heime mellom istidene
Foto: Samlaget

Månadens bok: Heime mellom istidene

I denne diktsamlinga undersøker Guri Sørumgård Botheim kva det vil seia å kjenna seg heime. Ho tek utgangspunkt i si eiga tilknytning til heimplassen, bygda der forfedrane truleg har levd sidan istida. Nokre av dei har reist ut, men har alltid komme heim att. Ho spør seg om ho blir den fyrste som flyttar og ikkje kjem attende.

Eg trur mange som kjem frå ei lita bygd  og som reiser ut kan kjenna seg att i dikta til Guri Sørumgård Botheim. Ofte kan det vera ei konflikt mellom den ein er på heimplassen og den ein har blitt og prøver å bli i byen. Som til dømes når hovudpersonen i diktsamlinga er heime på jenterommet sitt:

her ha e gjort lekso
notert drømme
skrivi tusen dikt for hånd

e sit i det såmå rummet
bretta te sides
onødvendoge formuleringa
vintervind fyk hardt mot huset
blink tå ljos frå brøytebiln på veigje

her e ingen yrke e kan

Det er eit nøkternt språk med skarpe bilete som får fram kontrastane mellom heimstaden og livet i Trondheim. På heimstaden identifiserer eg-personen i dikta seg i stor grad med naturen, fjellet og generasjonane som har vore der før ho. I Trondheim er den vesle leiligheten som ho deler med kjærasten som utgjer heimen:

leilegheita ryddar vi
etter eigne reglar
stengjer ute det tilfeldige
inne er heime
vi har oss sjølve
klede og møblar å bu med
mat og såpe er det einaste
vi treng å ordne
når sluket er tett
ringer vi vaktmesteren
midt i huset er heisen
ei sjakt vi blir frakta gjennom
ned i entreen
veggane er grensa

Heime mellom istidene handlar om tilknyting og ansvar og om å tora å forma livet sitt.

Sjå video og høyr forfattaren lesa frå boka her.

Boka kom ut på Samlaget i 2016 og er for sal i museumsbutikken på Hauge-senteret.