Månadens bok: Ein halv dag
Foto: Samlaget

Månadens bok: Ein halv dag

Ein halv dag av Hildegunn Dale er ei vakker diktsamling om å reise i ytre og indre landskap. Om å tore å vera til stades i saknet, i ei sorg og i ei smerte som det har teke tid å forstå.

Hildegunn Dale vev vakkert saman draumar og minner om ein far som brått vart riven bort. Ein halv dag er ei diktsamling om å skrive seg inn i og ut av sorga, bort frå tapet og erkjenne saknet. Saknet etter ein far som sjølv valde døden, utan forvarsel. Denne stolte, staute arbeidsmannen, jegeren med respekt for livet, han som stelte den fine hagen, og viste ho alt det vakre. Gjennom skrivinga finn ho spor og teikn som fører ho nærare han som lært henne så mykje. Om naturen, fjellet, jakt og fiske, moltemyrar og spor i landskap. Barndomen kjem attende, magiske stunder, skjulte skattar openbarar seg gjennom skrivinga, barndommens mysterium blir oppdaga på ny.

Endeleg kan eg velje ein himmel over staden der elva svingar seg

oppover dei kvite fjella. Det er den same himmelen.

Eg sit i baugen på båten, blir rodd over eit fjellvatn.

Ei opphoping av kjensler, varme, i eit punkt.

Eit trykk som løyser seg i noko klart og set eit avtrykk i minnet: Ei retning.

 

Å falle ned, under bildeflata, i straumen av eit bilde.

Halde snøret ute mellom fingrane, over vatnet. Dorge.

 

Det har teke tid for diktaren å skrive seg til desse erkjenningane, tid som har blitt brukt til å reise bort, få avstand og perspektiv til å erkjenne dette nære, denne slektskapen. Finne spegelen der fortida speglar framtida.

 

Ein lys sprekk i døra, imellom før og etter. Ein varme flakkar

Rundt i rommet, retningslaust, oransje mot raud.

 

Ein halv dag er ei vakker diktsamling om å reise i ytre og indre landskap. Om å tore å vera til stades i saknet, i ei sorg og i ei smerte som det har teke tid å forstå. Men gjennom skrivinga finn ho ein stad der minna kan gi plass til alle fargane.

Boka kom ut på Samlaget i 2015 og er for sal i museumsbutikken på Hauge-senteret.

 

Geir S. Netland

Dagleg leiar, Hauge-senteret