Månadens bok: Eg er eg er eg er

Månadens bok: Eg er eg er eg er

Eg er eg er eg er, er ei vakker og kjenslevar diktsamling for born og for vaksne. Ei bok som gjev meg lyst til å setje time-out på hektiske kvardagar og tidsjag og alt det som eigentleg ikkje er det viktige.

Ruth Lillegraven kom i haust ut med si fyrste diktsamling for born. Eg er eg er eg er. Som tittelen så fint seier det så er dette ei bok fylt med dikt om det å vera til. Som liten og som stor. Forfattaren ser verda gjennom barneaugo, og som vaksen lesar kan du kjenna deg att både som liten og som stor. Det er ei bok fylt med sterke kjensler og med store sprang gjennom haust og vår, vinter og sommar. Det skiftar fort og svingar raskt mellom det å vera sint og det å vera glad. Mellom å lika og å ikkje lika. 

Eg les denne boka og tenkjer at Ruth Lillegraven så meisterleg fangar dette livet. Ho skriv om det me alle kjenner til og kjenner på, men som me gløymer att så fort. Eg kjenner korleis det er å vera liten att. Korleis det er å vera dotter mi. Eg kjenner korleis det er å vera stor. Vera vaksen. Vera mor. Korleis det var å vera mi mor.

Lillegraven skriv om dei små og store tinga. Om at « alt som kjem til verda / skal ein gong bli borte att / menneske, plantar, dyr / alle er vi her berre / denne vesle tida . Ho skriv om stjernestøv og fjellvett. Veksesmertert og vondt hjarte og at vaksne kanskje berre er store born som får bestemme sjølve. Og om morgonmas. Eg kjenner meg heime her. Både før og no.

 

Morgonmas

 

mamma og pappa

 

dei som

eg treng og ikkje treng

som er snille og ikkje snille

som eg likar og ikkje likar

 

et ferdig no, seier dei

kle på deg no, seier dei

skund deg hit og

skund deg dit

 

så eg et, kler på meg

skundar meg

 

så er både dei og eg

over alle haugar

 

hei, dagen

 

hiv o hoi

ropar eg

 

Eg ler her og eg grin litt der. Eg les om stor og liten. Om å strekkje seg mot himmelen og mot alt det som skal skje;

 

Stor og liten

 

eg veks

strekkjer meg

mot himmelen

 

mot alt

som skal kome

og alt som skal skje

 

nokre dagar er eg

likevel mindre enn før

 

nokre dagar lengtar eg

etter å klarte opp

i kviletreet

 

opp i treet og

ned i eit reir

 

Eg er eg er eg er, er ei vakker og kjenslevar diktsamling for born og for vaksne. Ei bok som gjev meg lyst til å setje time-out på hektiske kvardagar og tidsjag og alt det som eigentleg ikkje er det viktige. Den får meg til å hugse på at me ikkje må gløyme desse små og store tankane som lever i eit barneliv og i eit barnesinn. Ikkje gløyma å kjenna på det å berre vera til.

Du finn boka i museumsbutikken på Hauge-senteret og på handlenett.no