Månadens bok: Å resirkulere lengselen, avrenning foregår

Månadens bok: Å resirkulere lengselen, avrenning foregår

Diktsamlinga Å resirkulere lengselen, avrenning foregår av Inger Elisabeth Hansen er truleg heilt på topp når det gjeld mengda ros kritikarkorpset har delt ut til lyrikk det siste året. Bokas økologiske tema er dessutan godt tilgjengeleg for den gjengse lesaren. At det vakre poetiske språket til Hansen har dryss av moderne miljøomgrep som «å resirkulere», bidreg til dette.

Dette grepet er alt anna enn tilfeldig. For det landsskapet kor poesien ofte held seg, i vakre naturskildringar, vert heile tyda forstyrra av ein forureinande plastikkposeprosa. Eit dikt, «Tale til deg du blå plastpose ved bredden av Nilens kanaler, utallig», byrjar slik:

Stor er din utallighet,

utallig kom du hit, platt er ditt larmende blått,

[…]

Medan «Stor er din utallighet» kunne vore henta frå Bibelen, kan ein ikkje seia det same om «platt» og «larmende blått». Dette språklege spennet finn me igjen gjennom heile boka. Det som gjer det så bra er at det ikkje verkar forstyrrande i tyding irriterande, men tankevekkande i kraft av å vera iaugefallande. Dikta er varsame og tydelege poetiske refleksjonar over det skjøre i naturen: 

Klippeblåvinge, du som fantes i det stille,

du som i det stille ble fordrevet av arealpolitikken,

du hildringsblå beboer av granitt ved Iddefjorden, i skrenten

[…]

Som fleire av kritikarane har understreka, mellom anna Trude-Kritin Mjelde Aarvik i tidsskriftet Vagant, er ikkje diktsamlinga naivt lengtande tilbake til ein harmonisk og balansert natur. Den er snarare eit sjeldan tilfelle av alvor, der me finn «Lengselen på dynga […]». Det er likevel ikkje slik at alt er «tomhet om jag etter vind», som Forkynnaren seier.

Økopoesien, som Hansens diktsamling tek del i, søker gjerne å syna korleis menneske er natur i natur, og korleis omsynet for heilskapen òg er eit omsyn for menneska. Om litteratur kan gjera menneske meir medvitne og moralske, skal eg ikkje svara bastant på; det er ein lang og pågåande diskusjont. Mellom anna var dette eitt av tema då Å resirkulere lengselen, avrenning foregår vart diskutert på arrangementet Kritisk kvartett på Litteraturhuset i Bergen. Ein av kritikarane meinte at det berre er tull at menneske kan verta meir miljøvennlige av å lesa dikt, ein av dei andre var meir open for at bøker og dikt kunne ha ein viss innverknad på korleis me kan sjå verda. Etter å ha lese Å resirkulere lengselen, avrenning foregår er mi eiga innstilling nærast sistnemnte kritikar: dikting kan potensielt endra perspektiva våre.

Stein A. Hevrøy, dokumentasjonsansvarleg, Olav H. Hauge-senteret