Skrivekurs med Gro Dahle
Foto: Ingvil Skeie Ljones / Hauge-senteret

Skrivekurs med Gro Dahle

Vær så god, sier jeg til språket og åpner døra på vidt gap! – Bare stig på. Bare kom inn! Slik innleiar Gro Dahle i boka Velkommen til språket, ei bok om skriving. No inviterer vi deg til å vera med på skrivekurs med Gro Dahle.

Gro Dahle sin forfattarskap er prega av ei sprudlande livs- og skrivelyst. Denne skrivelysta brenn ho også for å formidle til andre. Dahle er ein ettertrakta lærar i kreativ skriving, og vi er svært glade for at ho vil halde skrivekurs i Ulvik.

I kurset dukkar vi inn i diktskriving. Det vert ei blanding av leik og forsking med former, lydar og ord. Vi utforskar biletspråk, og vi leikar med ulike metodar og oppskrifter for å skriva dikt. Vi ser på musikalitet og rytme i dikt, og vi prøver å få fram den personlege stemma. Det handlar om å undersøka språket, men også om å bli betre kjend med seg sjølv.

Det krevs ingen forkunnskapar, som Gro Dahle seier det sjølv – det skal først og fremst vere gøy!

Kurset vil vera i poesiverkstaden på Olav H. Hauge-senteret 13. november kl. 10 - 15.
Kursavgift: kr 950 vaksen / kr 800 student (inkludert lunsj)

Meld deg på og betal kursavgift her.

Har du spørsmål om kurset, ta kontakt med oss på e-post:

guro@haugesenteret.no