Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar
Foto: Agurtxane Concellon / Hauge-senteret

Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar

Stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk, og som med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet femner om all lyrikk på nynorsk, bokmål og dialekt.

Olav H. Hauge-stipendet på 150 000 kr er oppretta av Nynorsk kultursentrum. Stipendet er finansiert av Ulvik herad, Sparebankstiftinga Hardanger og Sparebanken Vest og blir delt ut under Ulvik poesifestival 7.–9. september. Festivalen blir arrangert av Olav H. Hauge-senteret, ei avdeling i Nynorsk kultursentrum.  

Målsettinga med stipendet
•    Stimulere unge, særmerkte forfattarskapar innanfor skrift- eller songlyrikk på nynorsk, dialekt og bokmål
•    Sikre talentfulle lyrikarar gode arbeidsvilkår og eit tryggare rom for kunstnarleg utvikling
•    Fremje interessa for lyrikk generelt  og framheve ei vidare forståing av lyrikk

Statuttar for Olav H. Hauge-stipendet for unge lyrikarar
1.    Olav H. Hauge-stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk og med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent.
2.    Stipendet blir første gongen delt ut under Ulvik poesifestival 2018.
3.    Stipendet blir over tid fordelt jamt mellom kvinner og menn som skriv på nynorsk og bokmål. Kunstnarar som nyttar dialekt, kan også få stipendet.
4.    Styret i Nynorsk kultursentrum oppnemner ein stipendjury på tre personar med stor fagleg tyngd og sterk litterær posisjon. Ein av medlemmene blir oppnemnd etter framlegg frå Norsk Forfattarsentrum.
5.    Vinnaren av Olav H. Hauge-stipendet blir kunngjord under opninga av Ulvik poesifestival.
6.    Hauge-senteret avtalar med stipendvinnaren deltaking på eit kulturarrangement i mellomåret og eit nyskapt verk til neste poesifestival. Stipendet inkluderer godtgjersle for dette, men reise og opphald kjem i tillegg. Andre avdelingar i Nynorsk kultursentrum betaler vanleg honorar ved eventuell deltaking på arrangement i deira regi.

 

Har du spørsmål om prisen, ta kontakt med oss på admin@haugesenteret.no.