Jane Austen

Jane Austen

Jane Austen debuterte som romanforfattar med Fornuft og følelse (originaltittel: Sense and Sensibility) i 1811. Mange av romanforfattarane på 1800-talet tida var kvinner og sjangeren var ikkje særleg respektert i samtida. Austen konsentrerte verka sine til å omhandle utfordringar kvinner (og menn) møtte i kjærleikslivet og samfunnskrav. Det er sagt at hennar skarpe tolking av samtida heva roman-omdømet, men ho publiserte alle verka sine anonymt og var ikkje kjent i samtida. Det var kring 1869 då nevøen hennar, James Edward Austen-Leigh, skreiv den fyrste biografien om ho at merksemda starta. Med tida har ho blitt rekna som ei av verdas mest kjente forfattarar.

Olav H. Hauge skriv i dagboka, 21. august 1963:

Jane Austen er ingen lidenskapeleg, stormande diktar som Emily Brontë, ho er stillfarande og vel tøymd, men skarp og vâr. Meister.

Stolthet og fordom (originaltittel: Pride and Prejudice) kom i 1813 og var Austen si andre publiserte roman. Verket er rekna å vere hennar mest kjente. Tittelen viser til ein kollisjon mellom hovudpersonen Elisabeth Bennet og rikmannen Mr. Darcy, som begge er stolte og fordomsfulle. Olav fortel dette om romanen:

14.03.1974: 

Jane Eyre er spanande og gripande, men å lesa Pride of Prejudice av Jane Austen er «besettende». Det [er] lenge sidan eg las Emma, eg gløymer aldri fortrollingi. Slik er det med denne boki òg.

 

Jane Austen
Jane Austen

Hauge merker seg fleire avsnitt og setningar i boka. Han utheva også dialog når den traff ekstra godt.

23.03.1974: 

(…) Jau. Fyrr var det berre Emma eg har lese på engelsk. Den lika eg svært godt. Her er ei dame i Pride and Prejudice som eg likar: Elisabeth Burnet.

Merkeleg. Mark Twain lika ikkje Jane Austen. Men det gjorde Henry James! Og mange med han. – Eg skal få tak i fleire av Austen.

 

Jane Austen
Jane Austen 3

I alt ferdigstilte Austen seks verk før ho døyde av sjukdom 1817. Hauge likte hennar skarpe refleksjon av samtida ho levde i, og han hadde ein hug etter å lese meir av Austen. Det syner både biblioteksamlinga og dagboksnotatet frå 1. november 1977:

Har 4 av dei 6 romanane hennar.

Fint spel! Men god tid og tolmod!

(…)

Psykologien til Jane Austen er like einfeld som La

Rochefoucaulds: folk flest greider sjeldan tøyma fåfengd og ovmod. Det

vert dei dragi som råder med dei og ligg attum domar, meiningar og tildriv.

Ei herleg liti dame til å røntgenfotografera det samfund ho levde i!

(…)

ETTERVERKNAD AV LESNADEN AV JANE AUSTEN  Du kjenner deg

merkeleg kvardagsleg og flat i hugen. Ikkje for det, Fanny Price hadde stål

i seg!

 

Anja Haugland Svingen, utstillingsvert, Hauge-senteret.