Zen and Japanese Culture av Daisetz T. Suzuki

Zen and Japanese Culture av Daisetz T. Suzuki

Austlege inspirasjonskjelder kjem klårt til syne i Hauge si dikting frå og med På ørnetuva (1961). Zen and Japanese Culture, som Hauge les i 1972, er eit av mange verk om Zen i boksamlinga.

Daisetz T. Suzuki skriv mellom anna om samanhengen mellom Zen og samuraiens kampkunst: «Psychologically stated, the sword now symbolizes the Unconcious in the person of the swordsman». Hauge kommenterer i margen: «This must, how much more be the case in writing poetry?» Same dag som Hauge les ut denne boka skriv han i dagboka si at «Haiku kan ikkje skynast utan kjennskap til zen».