Poetenes vandring i boksamlinga til Hauge
Foto: Hauge-senteret

Poetenes vandring i boksamlinga til Hauge

Jan Erik Vold var ein nær ven og diktarkollega av Olav H. Hauge, og vitja han fleire gonger på Rossvoll i Ulvik. Det er då heller ikkje rart at ein finn tydelege spor av Jan Erik Vold i Hauge si boksamling. Boka " Mor godhjertas glade versjon. Ja" frå 1968 er ei av bøkene i hylla. Fyrst i boka står det

 

Til Olav H. Hauge

med de beste hilsener fra Oslo og Briskeby

fra Jan Erik

 

Jan Erik Vold vitja Ulvik i høve Verdas poesidag 21. mars i år. Det fyrste diktet Vold las frå podiet var "Poetens vandring", eit dikt om og med kjende poetvener frå nabolaget på Briskeby. Når Vold les diktet denne kvelden kviskrar han etternamna til dei kjende poetane. Slik kan vi alle vera heilt sikre på kven det er han talar om.

Slår ein opp dette diktet i boka til Hauge finn ein at også Hauge "kviskrar" til oss. Med sin grøne penn har Hauge notert førenamn og etternamn til poetane i aust. Det var kanskje langt mellom Ulvik og Briskeby, men at Hauge visste kven Vold tala om, det er iallefall sikkert.