Blad frå ein austleg hage

Debutboka til Paal-Helge Haugen var «Blad frå ein austleg hage», ei gjendikting av hundre haiku-dikt. Boka gir ein fin innføring i japansk lyrikk og syner korleis dei trelinja haiku-dikta utviklar sitt karakteristiske formspråk. Boka har med eit breitt utval av diktarar med kjende diktarar innanfor haiku-tradisjonen som Basho, Issa og Shiki. Då boka kom ut i 1965 kjende allereie Hauge godt til kinesisk og japansk lyrikk frå engelske attdiktingar. Alt i 1951 hadde Hauge merka seg Arne Dørumsgaard sitt utval av kinesisk lyrikk som kom ut same året. Olav H. Hauge syner tydeleg påverknad og inspirasjon frå kinesisk og japansk lyrikk i samlingane «På Ørnetuva» (1961) og «Dropar i austavind» (1966).

Olav H. Hauge tykte vel om debutboka til Paal-Helge Haugen. I dagboka 13.desember 1965 skriv han; «Ei god liti bok. Mykje fint her. Han skulde berre teke litt med av waka-dikt òg, Haugen. Godt gjort av ein so ung mann!»

Blad frå ein austleg hage
Basho

På side 35 i boka har til og med Hauge prøvd seg med si eiga gjendikting av ei Basho-dikt:

Sumargraset

Alt som er att

av soldatars draumar

 

Olav H. Hauge merka seg allereie Paal-Helge Haugen frå debutboka. Fleire av gjendiktingane har Hauge markert med strekar i margen, og to dikt av Gomei på side 56 har han ramma inn særskilt.

Blad frå ein austleg hage
Gomei

Merksemda mot den unge lyrikaren var etablert, og i 1966 fekk Hauge brev; «Paul-Helge Haugen sender meg Kinesiske vers, med eit gildt brev. Dei er gilde, desse unge. Fint arbeid. Og so ung han er! På hans alder var eg berre ein ugrashakkar. Han er god, men kan nok verta betre. Dei har lært um litteratur på ein heilt annan måte desse unge.»

Paal-Helge Haugen var sjølvsagt også begeistra for Hauge si dikting. Den 17.12.1966 fekk Hauge eit nytt brev; «Brev frå Paal-Helge Haugen. Ein slik er det verkeleg moro å få brev frå! Skynig, innsiktsfull, trass i unge år. Han skriv ei heil vurdering av Dropar i austavind. – Det er sjølvsagt gildt for meg at dei unge set pris på det eg gjer, det får so vera um ikkje kritikarane synest å bry seg um boki.»