'Isberget' av Kristofer Uppdal

'Isberget' av Kristofer Uppdal

Ein av dei norske diktarane Olav H. Hauge oftast trekkjer fram i dagboka si, er Kristofer Uppdal (1878–1961).

Hauge skriv 8. desember 1960 at «’Isberget’ er det mest gigantiske dikt i norsk bokheim, etter Eddadikti». Visjonen om ein friare, men kanskje også hardare, mennesketype si sjølvutfolding er tema i diktet. I siste strofe i «Isberget» heiter det: «Eg kjenner ikkje slikt som dygd eller skam. / Det finst ikkje ondt eller godt, - berre stråleskin. / – Eg er eit slikt stråleskin.»