Obstfelder, Jonsson og Hauge.

Obstfelder, Jonsson og Hauge.

To norske diktarar har jubileum i 2016; Sigurd Obstfelder feirar 150 år og Tor Jonsson 100 år. I denne temautstillinga heidrar me dei to forfattarane gjennom Olav H. Hauge sitt blikk. Kva tykte Hauge om desse to ulike diktarane?

To norske diktarar har jubileum i 2016: Sigurd Obstfelder og Tor Jonsson. I denne temautstillinga heidrar me dei to forfattarane gjennom Olav H. Hauge sitt blikk. Kva tykte Hauge om desse to ulike diktarane?

Sigbjørn Obstfelder (1866-1900) vert rekna som ein av dei første modernistiske diktarane i Noreg. I 2016 feirar me 150-årsjubileum for Obstfelders fødedag. Han skreiv dikt, noveller, romanar og drama.

Kva er dikting? I følgje Obstfelder er det «følelser som ikke har tankens form». Dikta hans er ofte prega av ei kjensle av å vera i ei framand verd, der det moderne og urbane fører til einsemd. Slik er det òg i hans mest kjende dikt, «Jeg ser». I diktet finn me eit eg som ser seg rundt i omgjevnader prega av gråblå skyer, høge hus og velkledde menneskje. Diktet er modernistisk i forma ved at det ikkje har ein fast rytme, men er prega av variasjon og brot. Diktets form er slik prega av ei uro som går parallelt med temaet i diktet, nemleg mangelen på heimekjensle hjå det moderne mennesket: : «Jeg er vist kommet på feil klode! / Her er så underlig …»

Jeg ser

Jeg ser paa den hvide himmel,

jeg ser paa de graablaa skyer,

jeg ser paa den blodige sol.

 

Dette er altsaa verden.

Dette er altsaa klodernes hjem.

 

En regndraabe!

 

Jeg ser paa de høie huse,

jeg ser paa de tusende vinduer,

jeg ser paa det fjerne kirketaarn.

 

Dette er altsaa jorden.

Dette er altsaa menneskenes hjem.

 

De graablaa skyer samler sig. Solen blev borte.

 

Jeg ser paa de velklædte herrer,

jeg ser paa de smilende damer,

jeg ser paa de ludende heste.

 

Hvor de graablaa skyer blir tunge.

 

Jeg ser, jeg ser...

Jeg er vist kommet paa en feil klode!

Her er saa underligt...

 

Sigbjørn Obsfelder, Digte, 1893

 

Tor Jonsson (1916-1951) har 100-årsjubileum for sin fødedag i 2016. Jonsson var journalist, og forfattar av både prosa og lyrikk. Mange kjenner nok Jonsson gjennom kortteksten «Liket» frå 1949, som handlar om kor gale det kan gå når eit menneskje vert utsatt for flokkmentalitet og mobbing. Tor Jonsson skriv der at ingen veit «kva makt det flirande bygdadyret eig».

Lyrikken til Jonsson er òg prega av alvor. Likevel er han mest kjent som kjærleiksdiktar. Eit trekk ein kan merka seg med Jonssons dikting, er at den er meir tradisjonell enn diktinga til Obstfelder. Det er særskilt enderima som bidreg til dette.

Når du er borte

Nærast er du når du er borte.

Noko blir borte når du er nær.

Dette kallar eg kjærleik -

Eg veit ikkje kva det er.

 

Før var kveldane fylte

med susing frå vind og foss.

No ligg ein bortgøymd tone

og dirrar imellom oss.

 

Tor Jonsson, Ei dagbok for mitt hjarte, 1951