Nye sting i gamal duk - gamle ord vert nye dikt
Foto: Øystein Klakegg

Nye sting i gamal duk - gamle ord vert nye dikt

I utstillinga vert det nytta gamle tekstilar som har fått brodert på sitat av Jon Fosse. Tekstilane har Ljones og Litleré arva, funne, fått eller kjøpt på marknadar i inn- og utland. Nye uttrykk vert skapt og sett inn i vår samtid - eit nytt uttrykk der tekstil, tid, tekst og broderi gjev liv til gamle minner og nye ettertankar oppstår.

Konseptet er blitt utvida med 100 ord som går att i Fosse sine tekstar. Desse har Ljones brodert på små lappar. Publikum vert oppmoda om å velja seg ord, festa dei på veggen og slik skapa eigne dikt. Desse vert skrivne ned og fylgjer konseptet vidare – målet er at det skal utvikla seg vidare ved hjelp av tida.

Utstillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Åse Ljones og Arnhild Litleré. Litleré står for utvalet av Jon Fosse sine tekstar, og Ljones har brodert desse. Dei to er initiativtakarar til Fosse-dagane i Strandebarm som såg dagens ljos for fyrste gong i 2009, som ein hyllest til Strandebarms-diktaren Jon Fosse sin 50-årsdag. Sidan då har dei arrangert Fosse-dagar kvart år saman med "Fosse-gruppa" i heimbygda Strandebarm. Utstillinga vart vist for fyrste gong på Strandebarm bedehus under Fosse-dagane 2014, og har sidan vore vist på Galleri Giga på Stord.

Skodespelar Arnhild Litleré kjem frå Strandebarm. Ho har utdanning frå Statens teaterhøgskole og Oslo Film og TV-akademi. Ho har arbeidd ved Det Norske Teatret, Den Nationale Scene, Agder Teater og NRK. Ho har mellom anna spelt i «Bikubesong» av Frode Grytten, og «Mugg» av Marit Tusvik. Ho har også hatt mange poesiprogram, ikkje minst med dikt av Olav H. Hauge og Jon Fosse. For tida er ho aktuell i NRK-serien «Side om side».

Kunstnar Åse Ljones kjem frå Strandebarm. Ljones er utdanna ved Bergen kunsthandverksskule med hovudfag i tekstil. Ho har delteke på ei rekke utstillingar bl.a. ved Kunstnarforbundet i Oslo og Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen. Ljones hadde scenografien på den kritikarroste førestillinga «Morgon og kveld» av Fosse, som hadde premiere på Nationalteatret våren 2015. Ljones er kjøpt inn av fleire av dei store musea i Noreg.