Filmpoesi
Foto: Alastair Cook

Filmpoesi

Ny temautstilling med utgangspunkt i Filmpoem, eit filmpoesiprosjekt grunnlagt av kunstnaren Alastair Cook.

Filmpoesi er ein undersjanger av filmmediet som nyttar det lyriske, talte ord saman med bilete i rørsle. Alastair Cook arbeider for det meste med video og fotografi for å utforske lokalsamfunn som gjennomgår avgjerande endringar, og for å utforske tilhøvet mellom individ og det landskapet dei eksisterer i. Alastair Cook skal visa fram filmdikt laga av andre filmkunstnarar, i tillegg til å syna filmdikt som han sjølv har regissert. Det skotske landskapet og det skotske språket pregar filmane, og me får oppleva tekstar av diktaren Robert Burns (1759-1796), og av samtidsdiktarar som John Glenday og Vicki Feaver. Alastairs kjem òg med ein heilt ny film, The Sword (Sverdet), som bygg på diktinga til diktaren Olav H Hauge. – Det kulturelle og historiske tilhøvet mellom Skottland og Noreg gjer at vi finn vi ein skotsk kunstnar si tolking av Hauges dikting særleg interessante, seier dagleg leiar Geir Netland ved Hauge-senteret.

Alastair Cook har laga poesifilmar med fleire store diktarar, mellom anna Liz Lochhead som var Skottlands nasjonalpoet frå 2011. Cook sine filmar er vakre og poetiske i seg sjølve, og gjev noko nytt til dikta dei formidlar.

 

Filmpoesi
Alastair Cook