"Når morgonfrosken syng"
Foto: Hauge-senteret / Stein A. Hevrøy

"Når morgonfrosken syng"

Barnehagane i Ulvik og Granvin har arbeidd med diktsamlinga til Per Olav Kaldestad, "Når morgonfrosken syng", og har laga kunstverk inspirert av utvalde dikt.

Det er fyrste gong at Olav H. Hauge-senteret tek initiativ til eit slikt samarbeid med barnehagane, men planen er at dette kan verta ein årleg tradisjon. Barnehagane fekk boka, "Når morgonfrosken syng", som ei gåve frå Samlaget når dei meldte seg på. Barnehagane har arbeidd med prosjektet over tid, og 45 ungar deltok på opninga.

Barnediktboka av Per Olav Kaldestad er også utgangspunkt for førestillinga "Tenk om eg var ein tanke", som Olav H. Hauge-senteret har utvikla saman med Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones. Denne førestillinga har vore på turné i Den kulturelle skulesekken i vår, og har blitt sett av 1200 elevar. Laurdag 9. mai vert den synt som familiekonsert på Hauge-senteret. Kunstverka vil bli ståande ut helga, så det er høve til å få med seg både konsert og kunstutstilling.

Olav H. Hauge-senteret takk for godt samarbeid med barnehagane i Ulvik og Granvin!

"Når morgonfrosken syng"
Morgonfrosken
"Når morgonfrosken syng"
Morgonfrosken
"Når morgonfrosken syng"
Morgonfrosken
"Når morgonfrosken syng"
Morgonfrosken