"Me byrja med A, og enda med Å"

"Me byrja med A, og enda med Å"

Dette er siste setninga i ABC av Olav H. Hauge og Bodil Cappelen, og tittelen på vår nye temautstilling. ABC var Hauge si siste bokutgjeving med eigne dikt. Då var han 78 år gamal. Dikta har ein glad tone. Fleire har peika på at denne vendinga kom etter at Bodil Cappelen flytta saman med han.

ABC er det einaste større kunstnariske samarbeidsprosjektet mellom ekteparet Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Bodil Cappelen er utdanna i tekstil og grafikk frå Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Ho har i tillegg til ABC illustrert eit titals biletbøker for barn. Fleire av desse er omsett til fleire samiske språk.

Det er òg den einaste diktsamlinga Hauge har skrive for barn. I 1983 gav Det Norske Samlaget riktig nok ut biletboka Regnbogane (illustrert av Wenche Øyen), men der var dikta vald ut frå Dikt i Samling (Noregs Boklag, 1981) og satt i ein ny samanheng.

I dagboka skildrar Hauge fleire stader at han reiste rundt og fortalde versa frå ABC medan Bodil Cappelen synte lysbilete. I 1988 var Hauge festspeldiktar i Bergen, og skulle med anna lesa frå ABC og syne bileta. Han skriv: «Der skulde då eg då òg lesa fyrst. So viste det seg at me hadde gløymt å ta med den ABC-boki. Men eg laut då fram likevel. Eg hugsa nokre av rimi i boki, dei las eg då, og prata litt tøv rundt umkring. Slik kom eg frå det på ein skarve måte.»

Originalteikningane er gitt i gåve til Ulvik herad frå Bodil Cappelen. Til vanleg står dei utstilt på Brakanes skule, som har lånt ut utstillinga til Hauge-senteret.