Artige aktivitetar til ditt seminar

Artige aktivitetar til ditt seminar

Hauge-senteret er ein unik arena for lagbyggjing. Vi kan tilby eit kreativt pusterom til din konferanse, seminar eller kanskje som opptakten til eit julebord?

I andre høgda på Hauge-senteret har vi ein spesialbygd poesiverkstad. Det er det ingen andre som har. Formidlaren vår kan ynskje velkomen til ei unik og artig oppleving de berre kan finne her i Ulvik. 

Opplegga kan òg tilpassast kreative prosessar ditt firma eller organisasjon skal gjere på seminaret.

Døme på oppgåver:

  • Strykedikt
    Gjennom å stryke ut ord frå årsmeldinga til firmaet, ein avisartikkel eller kanskje ein roman så dannar dei orda som er att eit nytt, og oftast overraskande, dikt. 
  • Klyppedikt
    Ved å klyppe kjende dikt frå kvarandre og lime dei saman til nye dikt kan dei ta heilt nye vendingar. 
  • Kjensledikt
    Prøv å ta på ulike gjenstandar og ting, beskriv det du kjenner. Vi har òg lyttestasjonar og ulike figurar/ bilete som kan vere til inspirasjon.
  • Lesardikt
    Ta ei tilfeldig bok, slå opp på ei tilfeldig line og skriv ned den siste setningen på sida. Lag eit dikt om sjefen din eller mora di basert på den setningen. 

I våre aktivitetar så arbeider ein kvar for seg, og saman. Alt er lov, og det er berre eigen kreativitet som set grenser for oss. Vi har stor erfaring med å gjennomføre aktivitetar i poesiverkstaden, og har mange gongar vore med på at dei sjenerte eller dei med minst gledje av å lese og skrive er dei som blomstrar og vert mest nøgde når dei er i gang i poesiverkstaden. 

Vi kan skreddersy aktivitetar etter ynskje, og tilpasse oss eventuelle ynskjetema. 

Aktivitetane kan gjerne kombinerast med filmframsyning og/eller omvisning i utstillinga.

Opningstider og priser finn de her. Aktivitetar og omvisning er inkludert i inngangspengane for grupper.

Kontakt formidlar Guro Ljones på guro.ljone@haugesenteret for å tinga aktivitetar, eller ta ein uforpliktande prat om korleis vi kan lage eit opplegg som passar ditt arrangement.