Handa
Foto: Creative Commons

Handa

Kjenn på handa di, eller handa til han eller ho som står deg nærast. Knip i ho, smak på ho, stryk på ho. Korleis kjennes huda ut? Korleis reagerer handa?

Skriv:

Handa høyres ut som ...

Handa kjennes som ...

Handa smakar som ...

Handa ser ut som ...

Byt ut ordet "handa" med eit abstrakt ord som til dømes "forelsking", eller "sjalusi". Prøv gjerne ut fleire abstrakte ord for å sjå om det blir morosamt eller overraskande. Så skriv du det heile om til eit dikt.

Helsing
Mona Vetrhus