Tilbod for skuleklassar
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Tilbod for skuleklassar

Vi tilbyr eigne omvisingar som er godt eigna for skuleelevar. Dei ulike opplegga tek om lag 90 minutt, men vi kan tilpassa lengda etter det som høver best for dykk.

Vidaregåande opplæring og folkehøgskular:

Hauge-senteret er Noregs einaste museum for lyrikk. Vi tek utgangspunkt i omgrep som estetikk og poesi, og bryt dei ned til praktiske oppgåver og nye opplevingar på Hauge-senteret.

8. klassar: "Ein tanke slo meg her um dagen"

Den unge Hauge

Elevane får bli kjend med den unge Hauge som aller helst ville lesa og skriva. Som 15-åring skreiv Hauge den fyrste linja i dagboka si «Ein tanke slo meg her om dagen». Det vart starten på eit langt, litterært liv.

Poesiverkstad

I poesiverkstaden på Hauge-senteret får elevane bli med inn i den fantasirike verda som poesien er. Elevane får møta dikt i mange ulike former, og får spennande og utfordrande oppgåver for å hjelpe dei til å skrive dikt sjølv.

I samarbeid med Sparebanken Vest er det fri inngang for 8. klassar frå Hardanger og Voss, og vi sponsar delar av reisa til Ulvik.

Andre trinn i skulen:

Vi kan skreddersy omsyningar og aktivitetar i poesiverkstaden til alle klassetrinn, og til fleire fag.

Tinging og prisar

Omvisingar kan tingast på e-post til formidlar Guro Ljone på guro.ljone@haugesenteret.no eller på tlf 51 11 53 32

For skular og barnehagar er det gratis å besøka oss. Lærarar og barnehagepersonale går fritt i følgje med klassen / gruppa.

 

Tilbod for skuleklassar
Poesiverstaden
Tilbod for skuleklassar
Poesiverkstaden