Les for livet!
Foto: Hauge-senteret / Vigdis Nielsen

Les for livet!

I Les for livet! får elevane i 5. til 7. klasse vere med to framtidsmenneske på ei intens reise gjennom verdsrommet. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til seg sjølve, tilbake til jorda. Heim.

To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!

I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det sju utvalde barne- og ungdomsbøker. Ei intens forteljarstemme instruerer dei to i oppdraget: Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan tretti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet.

Les for livet! er ei intenst spennande framsyning som formidlar framifrå nynorsk barne- og ungdomslitteratur. På reisa tilbake til opphavet dukkar vi inn i scener frå mellom anna Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, thrilleren Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Grunna av Terje Torkildsen. I møte med dei ulike scenene frå bøkene, møter menneska kjensler som frykt, forelsking og sorg, og slik kjem dei gradvis i kontakt med seg sjølve, med sine kjensler. Elevane får også erfare at dei to menneska stadig kjem nærare kvarandre, noko som til slutt resulterer i venskap. Venskap er løysingsordet i skjemaet, og gjennom framsyninga får vi erfare kor viktig venskap er. Som manusforfattar Lars Mæhle legg i munnen på «stemma» etter at dei to menneska har løyst oppdraget: «Venskap er grunnmuren i alle kjernekjenslene, dei som de no har lært gjennom å lese bøker. Først no skjønar de kven de er. No kan de atter finne plassen dykkar på jorda – utan å øydeleggje henne. For det viktigaste av alt, det er venskapet, det å vere glad i – og ta omsyn til – andre menneske. Og å lære seg verdien av samarbeid. For utan samarbeid går jorda under.»

Ved å gi smakebitar av alt det framifrå som blir skrive for barn- og ungdom på nynorsk og setje det inn i ein spanande kontekst, vil vi gi elevane lyst til å lese vidare på eiga hand. Les for livet! reiser viktige spørsmål knytt til identitet, behovet for samarbeid og venskap, og syner fram kor viktig litteratur kan vere for menneska og samfunnet dei lever i.

Skodespelarar er Siri Beate Fossum og Kim Helge Strømmen. Lars Mæhle er manusforfattar, og Morten Joachim regissør. Framsyninga er produsert av Nynorsk kultursentrum ved prosjektleiar Ragnhild Nabben i eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og Olav H. Hauge-senteret.

Framsyninga hadde førpremiere 7. september under Ulvik poesifestival 2018 og skal på turné i Sogn og fjordane hausten 2018.

Kontakt formidlar Guro Ljone for meir informasjon eller for å gjere avtale:

guro.ljone@haugesenteret.no tlf. 51115332