Læremateriell: Les for livet!

Læremateriell: Les for livet!

Dette læremateriellet er eit samarbeid mellom Olav H. Hauge-senteret, Nynorsksenteret og Foreningen !les. Oppgåvene til Svarte-Mathilda, Keeperen og havet og Eg er eg er eg er har tidlegare vore nytta i Tid for ti-aksjonane.

Det er fint om de har bøkene tilgjengelege i klasserommet når de arbeider med oppgåvene, men det er ikkje naudsynt.

Opplegget finn du her: nynorsksenteret.no/lesforlivet

Om Les for livet:

Gjennom teaterframsyninga Les for livet! får elevane smakebitar av nyare barne- og ungdomslitteratur på nynorsk. Manusforfattar Lars Mæhle har fletta saman tekstutdrag frå fleire forfattarar som skriv i ulike sjangrar, til ei spennande forteljing. I Les for livet! får elevane oppleve alt frå dikt til fantasy i ei engasjerande framsyning. Målet er å fremje leseglede!

Få framsyningar i Den kulturelle skulesekken har undervisningsopplegg for etterarbeid. Gjennom dette opplegget kan elevane arbeide vidare med utvalde tekstar frå dei aktuelle forfattarane. Undervisningsopplegget er lagt opp slik at læraren sjølv kan velje tekstar og omfang.    

Etter fagfornyinga av læreplanen skal elevane i større grad eksperimentere og bruke nysgjerrigheita si i faget, dette gjeld særleg i barneskulen. Ved å arbeide med eit emne over tid og på ulike måtar, kan ein legge til rette for djupare læring der elevane forstår omgrep og samanhengar, både i fag og mellom fagområde. Kjerneelementa Tekst i kontekstMunnleg kommunikasjon og Skriftleg tekstskaping er sentrale i opplegga til Les for livet. Kjelde: www.udir.no

Vi håpar at både teaterframsyninga og desse oppgåvene vil gje elevar og lærarar lyst til å lese vidare!