Barnehagetilbod
Frå utstillingaFoto: Ingvil Skeie Ljones

Barnehagetilbod

Vi tilbyr omvising for barnehagar som ønskjer å besøke oss, men det er mykje å gjere, også for dei som berre vil innom utan omvising

Utstillingane opnar for fleire sansar med installasjonar om lyrikk og litteratur som ein kan både kan sjå, høyre og ta på. I basisutstillinga kan du slå nummeret til Hauge på ein gamal bakelittelefon og Hauge svarar sjølv med eit dikt. Inne i poesiverkstaden ligg det til rette for mange aktivitetar som magnetpoesi, teikne- og skriveaktivitetar. 

Kattejakt

Katten til Olav H. Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga. Gjennom å fylje kattespora finn ungane katten på uventa stader, og blir samtidig kjende med både Hauge og katten. Når alle kattane er funne er det lesestund i kattekroken frå Olav H. Hauge og Bodil Cappelen sin ABC.

Bokformidling

Vi kan også formidle ei bok til dei barnehagane som kjem på besøk. Då samlar vi oss i poesiverkstaden og formidlaren les ei nyare nynorsk barnebok for borna. Etter bokstunda kan barnehagane fritt gå rundt i utstillinga eller gjere aktivitetar inne i poesiverkstaden.

Borna er velkomne til å ete matpakken sin inne hjå oss, eller sitje ute i sola på fine dagar.

Tinging og prisar

Omvisingar kan tingast på e-post til formidlar Guro Ljone på guro.ljone@haugesenteret.no eller på tlf 51 11 53 32.

For skular og barnehagar er det gratis å besøka oss. Lærarar og barnehagepersonale går fritt i følgje med klassen / gruppa.

 

Barnehagetilbod
Kattejakta
Barnehagetilbod
Lesekroken