Poetisk barnebokveke
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Poetisk barnebokveke

I poetisk barnebokveke, andre veka i november, turnerer Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones med framsyninga "Tenk om eg var ein tanke" i Ål, Ulvik, Voss og Bergen.

Poetisk barnebokveke er eit arrangement i Bokåret 2019, og målet er å formidle lyrikk til dei minste. Elevar på 1. til 4. trinn får vere med på ei magisk reise inn i lyrikken si verd, der framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk.

– Barn har eit leikent forhold til ord, rim og rytme, og dei likar dikt. Av og til er det nok slik at dei vaksne som formidlar litteratur til barn gløymer denne sjangeren, og då kan dette vere ei fin påminning, seier formidlar ved Olav H. Hauge-senteret Guro Ljone

Tenk om eg var ein tanke er bygd på «Når morgonfrosken syng», ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Dette er dikt som tek for seg store spørsmål og emne som universet, einsemd og kjærleik, men òg nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar. Det er musikarane Annlaug Børsheim (song, gitar og fele) og Mari Skeie Ljones (fele) som tek elevane med på reise inn i Kaldestad si magiske verd. Kva skjer med diktet frå bok til opplesing til song? Endrar diktet seg undervegs? Utøvarane får elevane med på ei samtale om dikta, der alt er lov å seie og ingenting er feil. Musikken i Tenk om eg var ein tanke er nyskriven av Annlaug Børsheim, og uttrykket er inspirert av norsk folkemusikk og visetradisjon. På leikent og finurleg vis gir framsyninga elevane kjennskap til lyrikk som sjanger og gir dei eit godt møte med nynorsk som bruksspråk.

Framsyningane vil føregå i biblioteka i Ål, Ulvik og Voss.

– Vi er svært glade for at biblioteka ønskjer å vere vertskap for turneen. Målet vårt er jo å tenne leselysta hjå det viktigaste publikummet, nemleg barna, og då er det fint at dei kjem inn blant bøkene og blir kjend med kor dei kan gå for å finne meir lesestoff, seier Ljone.

Den siste framsyninga i Bergen er ei open familieframsyning på Litteraturhuset i Bergen.

Turneen har desse stoppestadane:

Torsdag 7. november: Ål folkebibliotek, framsyning for Nedre-Ål skule

Fredag 8. november: Ulvik folkebibliotek, framsyning for Brakanes skule

Fredag 8. november: Voss bibliotek, framsyning for Vangen skule

Laurdag 9. november: Litteraturhuset i Bergen, open familieframsyning kl. 11.00