Sommarprogram i Hauge-senteret
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Sommarprogram i Hauge-senteret

Hauge-senteret har ope tysdag til fredag 10-16 og laurdag og sundag 11-17. Frå 25. juni til 11. august har vi omvising i utstillinga kvar dag kl 13.00. Våre kunnskapsrike omvisarar tek deg med i utstillinga og gjev deg forteljingar til både undring og ettertanke.

Museumsbutikken har eit rikt utval av Hauge-titlar, samtidslyrikk, barnelitteratur og gåveartiklar. Vi har turkopp med Hauge-sitat for glade turgåarar, Jakob og Neikob-kopp for dei minste, og magnetpoesi med ord frå Hauge sin forfattarskap.

– Eit besøk til Hauge-senteret kan by på nye opplevingar for både store og små, seier formidlar Guro Ljone. Utstillingane i senteret opnar for fleire sansar med installasjonar om lyrikk og litteratur som du både kan sjå, høyre og ta på, seier ho.

Sommarprogram i Hauge-senteret
Lyrikklinja

For barna er "Kattejakta" ein populær aktivitet. Katten til Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga. Gjennom å fylgje kattespora finn ungane katten på uventa stadar, og blir samtidig kjende med både Hauge og katten.

For dei vaksne kan ei omvising på Hauge-senteret også by på filmen "Ordmeisteren" av Randi Storås. I denne korte portrettfilmen av Hauge møter vi diktaren heime i stova på Rossvoll. Fuglar i lyrikken er sommarens temautstilling. Utstillinga om fuglar i lyrikk gir nokre smakebitar på den rikhaldige diktinga som – av ulike grunnar – kler seg i fjørdrakt, syng og flyg.

Sommarprogram i Hauge-senteret
Fuglar i lyrikken - ny temautstilling

I kjellaren i Hauge-senteret ligg Den grøne kafè. Her kan du nyte kortreiste smakar på kafeborda på kaien, eller nyte dei innomhus skulle veret gå imot. Meir informasjon om kafeen finn du på fjordkafe.no

18. august feirar vi Olav H. Hauge sin fødedag med konsert i Ulvik kyrkje. Meir informasjon om den finn du her