Programslepp på Hauge-senteret

Programslepp på Hauge-senteret

Frida Ånnevik og Anna Kleiva startar ein heilt ny programserie på Hauge-senteret: Lytt til lyrikken. Publikum kan vente seg nye bøker, uventa kunstnarmøte, og nytolkingar av kjende verk på haustprogrammet til Hauge-senteret.

Olav H. Hauge og Elias Blix i ny drakt

Hauge-senteret sitt haustprogram byrjar med årsdagen til Olav H. Hauge 18. august, og vert markert med nyskriven musikk til utvalde Hauge-dikt. I landskapet mellom folkemusikk, visesong og jazz har dikt av Ruth Lillegraven, Signe Seim, Magne Myhra og Olav H. Hauge fått nye tonar. Grete Skarpeid på vokal, har fått med seg Olav Andre Steinkopf på piano, og Olav Tveitane på kontrabass i sin nye trio til konsertframføringa «No syng det atter», i Ulvik kyrkje. Arrangementet er i samarbeid med Den kulturelle spaserstokken i Ulvik herad, og det er fri inngang for honnør.

I 2019 er det 150 år sidan Elias Blix gav ut heftet Nokre Salmar, gamle og nye. Dette vert feira med ei moderne tolking levert at musikarar frå øvste hylle, med saksofonist Tore Brunborg i spissen. På førespurnad frå Nynorsk kultursentrum har han sett saman ei gruppe under namnet No soli bakom blåe fjell. Ensemblet er ei spennande samansetjing av norske musikarar: på trommer Siv Øyunn Kjenstad, på piano Marte Eberson og på bass Mats Eilertsen. Skodespelar Frank Kjosås blir vokalist i det heilt nye ensemblet. – Salmetekstane til Blix og dei mange vakre melodiane som følgjer med vil få nytt liv med dette kreative laget! seier Tore Brunborg entusiastisk. Konserten i Ulvik kyrkje 2. november avsluttar Vestlandsturneen deira.

 

Ny programserie med lyrikkmøte

Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst, og har songlyrikken og poesien noko til felles? Då Hauge-senteret spurde tekstforfattar og komponist Frida Ånnevik om å invitere med seg ein lyrikar til Ulvik fall valet på Anna Kleiva. Ånnevik har sidan debuten i 2009 markert seg som musikar med poetiske tekstar, og er kjend for å løfta fram det store i dei små tinga. Anna Kleiva har gjeve ut tre diktsamlingar sidan debuten i 2011. Ho vert omtala som ein språkkunstnar med overskot og stor biletskapande kraft. Dei to møtest til samtale om skriving og inspirasjon, og det vert sjølvsagt høve til å lytte til lyrikken, både i song og dikt. – Med denne nye programserien som vi har valt å kalle «Lytt til lyrikken» håpar vi å by på nye og kanskje uventa kunstnarmøte, seier formidlar på Hauge-senteret, Guro Ljone. Dei to unge, men markante, stemmene møtest 22. oktober på Syse gard, og etter det skal dei vidare til Bergen og Stavanger med programmet – som inngår i Bokåret 2019.

 

Møte med stipendvinnaren og forteljingar frå Hardanger

Erlend O. Nødtvedt vart i 2018 den første vinnaren av Olav H. Hauge-stipendet, og har med sine tre diktutgjevingar skapt eit særeige og iøyrefallande univers. No kjem poeten frå Fyllingsdalen ut med ny diktsamling, Slekter, og denne vil han lese frå på Syse gard 14. november.

Marit Eikemo kan kunsten å skrive både smart og underhaldande, og ikkje minst treffande om samfunnet vi lever i. I hennar nye bok, Hardanger, skriv Eikemo om å reise vekk og å kome heim att, og handlinga føregår nettopp i Hardanger. Eikemo les frå boka og samtalar med festivalprodusent Jorid Lekve Eide i Fjordsalongen på Brakanes hotell siste laurdagen i november.

Det vert også juleprogram for heile familien når teskjekjerringa kjem på besøk den 8. desember. Adele Lærum Duus står bak framsyninga, som byggjer på Alf Prøysens forteljingar.

Heile programmet finn du her.