Opning av Leseskogen på Tunheim
Foto: Hauge-senteret

Opning av Leseskogen på Tunheim

Utebiblioteket Lesekogen vart opna på Tunheim torsdag 27. juni saman med barn frå Ulvik barnehage. Barna stod for den offisielle opninga, og etterpå dei fekk høgtlesing frå ei av bøkene frå formidlar ved Hauge-senteret, Guro Ljone. 

– Leseskogen er eit litt annleis bibliotek. Det er ope heile sommarferien og det er sjølvbetent. Alle som kjem dit kan finne seg ei bok og setje seg ned og lese ute i det fri, for så å leggje boka tilbake igjen før dei går, seier formidlar Ljone. 

Du finn bøkene i ei kvit postkasse med ein liten infotekst om biblioteket. På toppen av bakken på Tunheim er stien bort til utebiblioteket merka med skilt. Biblioteket har eit godt utval av nynorske barnebøker og her finn du bøker som passar for liten og stor. Bøker som er morosame, rare, spennande og kanskje også bitte litt skumle. Bøkene er ei gåve frå Det Norske Samlaget.

Utebiblioteket har vi fått til i samarbeid med Ulvik Turlag, Gløgg 4H og gode grunneigarar på Lekve. Gløgg 4H har planar om å tilretteleggje området med sti og gapahuk som vil vere råd å nytta for alle i Ulvik. Etter planen skal dette vere klart til neste sommar, men utebiblioteket er altså allereie opna.  

Vi ønsker store og små turgåarar hjartleleg velkomen. God leselyst og god sommar! 

 

Opning av Leseskogen på Tunheim
Lesestund